| Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane
Reksta Romjulslaugarlag hoppa i havet![]() Torsdag 29. desember trossa Reksta Romjulslaugarlag ho Dagmar og andre ufyselege vêrtypar som truga med å øydelegge moroa:) Vi gløymde å måle temeperaturen, men truleg låg den ein plass mellom 5 og 8 grader… Les meir og sjå bildeJulekonsertsuksess![]() Årets julekonsert i Rognaldsvåg bedehus på julaftan, vart ein ny suksess! Vi fekk servert dei tradisjonelle julesongane “Sjå tusen julelys” og “Det lyser i stille grender”, som fleirstemt og flott korsong. Les meir og sjå bildeJuletrehogst hos nissen på Hågjen![]() Søndag 18. desember var alle invitert til sjølvhogst hos den rause nissen på Hågjen. Her fekk alle gå i skogen og hogge seg eit juletre, Les meir og sjå bildeStormfull og gratis fiskemiddag til alle![]() 1. desember 2011 kan hugsast som ein forrykande stormfull og regnvåt dag, med innstilte båtruter. Sjølv om vi har vore avsteng frå omverda i heile dag, har vi ikkje lidd noko naud. Les meirJulekoret øvar og øvar...![]() Onsdag 30. november var det korøving i Bedehuset. Det var mykje finsliping på ulike stemmer og øving på solistinnslag. Les meir2.500 til Krisesenteret frå kvinnene på Reksta![]() Siste halve året har “Kvinneforeininga” her på øya samlast ein dag i månaden for å drøse, strikke, sy, lese, drøse litt til, le saman og kose seg. På kvar samling har vi eit lite lotteri, der vi får kjøpe ei fast kvote med lodd. Alle har med seg tre små gevinstar, og stemninga stig alltid litt ekstra under trekkinga. Les meirJulegrantenning i nordavind![]() Du grøne glitrande tre god dag kunne høyrast mellom vindkulene på kaia i Rognaldsvåg i dag – 1. søndag i advent. Les meirKva skjer på Reksta i jula og julestria?![]() Her er det som vanleg fullt program framover. Den førebelse juleaktivitetslista for 2011 på Reksta ser slik ut: Les meir og sjå plakat…God gammaldags basar![]() Laurdag 16. juli var det fullt hus og stormande jubel i Rekstakjellaren. Kjellarlokala i den gamle skulen på Reksta var fylt til “bristepunktet”. Nærmare 90 personar hadde sessa seg ved langborda, som var dekka med heimebakte kaker, kaffi og saft. Les meir og sjå bildeReksta på langs - frå Selvåg til Rognaldsvåg![]() Dagens tur vart ein stor suksess, med 35 fornøgde turgåarar, i strålande sol! Gjengen frå Flora Turlag kom på land i Selvågen kl 16.20 og turen starta med å gå opp på Storefjellet. Mange synest det er spektakulert å gå langs ryggen på Storefjellet, med utsikt rett i “avgrunnen” mot Kalvemarkja. Vel nede på indre Reksta gjekk vi langs vegen til Rekstakjellaren. Der var det matpause i “fugleberget”, og mimring om gamle dansefestar i kjellaren. Dei tilreisande var interssert i øya, og hadde mange spørsmål om folketal, kvar folk bur og mykje meir. Bli med Reksta på langs![]() Sist onsdag vart den planlagde turen til Flora Turlag – over Reksta – avlyst pga. regn, skodde og generelt surt vêr… No på tysdag 5. juli kjem ein ny sjanse! Flora Turlag inviterar til å gå Reksta på langs, frå Selvågen til Rognaldsvåg – over det inste og det ytste fjellet. Les meir på turlaget si nettside. Jonsokfeiring i RognaldsvågJonsokaftan var ein god gjeng samla rundt grillane på kaia i Rognaldsvåg, sjølv om det var rimeleg dr…kaldt!!! Ein sur og kald nordavind, gjorde at grillkosen gjekk fort unna. Bålet på moloa brann og fort ned, så det vart ei rimeleg kjapp midtsommarfeiring. Les meir og sjå bildeDugnad på tursti og gravplass![]() Onsdag 22. juni var ein strålande ettermiddag, og ungdommane på Reksta gjorde ein god innsats for fellesskapet. Her var det full aktivitet både i høgda og nede på flata. Les meirMeld deg inn i valsona for FloraFlott 17. mai feiring i sola!![]() Sjølv om nasjonaldagen starta med pøsande regn, så vart det ei flott feiring i sola:) Feiringa start kl 15, etter at elevane hade vore inne i byen, og feira saman med klassane sine. 17. mai toget på Reksta gjekk frå grendehuset, ut på Tofta – så på Rognsøya og ein tur nedom moloa på kaia, før det returnerte til skulen. Dagens tog var eit ekspresstog, som gjekk unna i bra fart, med hurrarop og trommer. Takk til Kristoffer og Jim-André som leia toget med taktfast tromming! Ny rekord i Likvikja![]() Gode påsketradisjonar skal ein halde på! Tradisjonen tru samla store mengder fastbuande og hyttefolk seg i Likvikja på Skjærtorsdag. Tradisjonen tru pøsa regnet ned i år og… men det finnast som kjent ikkje dårleg vêr:) Tom var bål- og teljesjef, og han kom fram til at rundt 150 turgåarar hadde trossa vêret. Les meir og sjå bildeVariert påskemeny på Reksta![]() Som vanleg er det stor aktivitet på Reksta i påska. Vi kan ikkje stile med høge fjelltoppar og skiføre, men derimot blomstrande påskeliljer og smålam på bøen! og sjølvsagt mange trivelege folk – og fisk i sjøen!!! Påskeaktiviteten spenner frå gudsteneste i bedehuset til pub i skulehuset, og innimellom der får du påsketrim til Likvikja og deilig heimebakst på kafé: Les meirBokvår i vågjen![]() Torsdag 17. mars la Bokbåten Epos til kai i Rognaldsvåg. Små og store bokormar kravla ombord, for 2 timars bibliotekoppleving. Det flytande biblioteket er fylt med bøker i alle sjangrar – til stor glede for alle generasjonar. Les meirNyt vêret!!!![]() No har vi lagt bak oss ein periode med strålande vintervêr, og eg håpar alle har nytt det. Det ser ut til at det snart er slutt på sol og kaldt vintervêr, allereie på torsdag. Les meirSøndagskafé 13. februar - for vatn![]() Ytterøyane 4H arrangerte søndagskafé, i Rognaldsvåg skule sist søndag. Inntekta frå kaféen skal gå til Norske 4H sitt prosjekt Hand of Hope. Norske 4H blir 75 år i 2011, og i staden for å motta gåve har ein bestemt seg for å gi ei gåve. Gåva er reint vatn til Sierra Leone, som er eit av verdas fattigaste land. Les meirTid for handarbeid![]() På denne tida av året har vi gode tradisjonar for å sitje inne framfor omnen og drive med forskjellig handarbeid. På Reksta vert desse tradisjonane heldne godt i hevd. Til og med på båten er det stor aktivitet med strikkepinnar. Les meirReksta
Følgt av 94 medlemmar.
Velkommen til Reksta-sona på Origo. Her kan du legge inn bilde, nytt frå Reksta og diskutere ting frå øya i vest. For å legge inn foto, komme med gode idear eller delta i diskusjonar må du vere medlem. Kjekke sider om/frå Reksta: Reksta er ei sone på Origo. Les meir Annonse | |||||||||||