| Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Kystpuls (tysdag 27. juli 2010). Les mer om roperten… Sommarbasar i sommarsol![]() Søndag 25. juli var ein strålande og etterlengta sommardag – og basaren i Rekstakjellaren vart ein strålande suksess! Sjølv om ikkje fullt så mange folk som tidlegare år fann vegen til det gamle skulehuset på indre Reksta – så vart det eit flott treffpunkt. I underkant av 50 små og store kosa seg med kaffi, kaker, saft og masse lodd! Det var god gammaldags basarstemning med åresal og trekking av gevinstar i alle storleikar og fasongar. Her gjekk folk lukkelege heim igjen etter eit par timars drøs – med alt frå heimespøta lubbar, gryteklutar og plommesylte frå Reksta til Armanitruser og sekkar med tørr vinterved “under armen”. Overskotet på 10.600 kroner skal gå til vedlikehald av Rekstakjellaren – i tillegg til straumrekning og forsikring av bygget. Reksta Ungdomslag takkar alle som stilte opp med gevinstar, kaker og vinnarlukke;) – slik at denne årlege tradisjonen er kjekk å halde på med! | ||
Kommentarar
Har ikkje hørt en lyd eg. Konklusjon : Vant ingenting på basaren! Ho der Ingebjørg skal i affal ikkje få lure meg til å kjøpe lodd fleire gonger!
Uff å uff – nei du må møte opp på basaren sjølv og sjå etter at alt går rett føre seg og få med deg gevinstane heim med ein gong;)
Velkommen tilbake neste år – nye lodd og nye vinnarsjansar! – og takk for at du kjøpte lodd, Ingebjørg gjorde ein god jobb der:)
dette har gått meg helt hus forbi, ingen har kommet over for å selge lodd heller !!!! er eg ikkje innkludert lenger ????
klemmer fra en likevel smilende, men akk so fornærma sissel :-) :-) :-))))))))
Og eg som tok av feriepengane mine for å kjøpe lodd på veg på tur, vann eg ikkje så mykje som eit fjøstørkle ein gong? Det kunne eg hatt bruk for i morgonstellet til ein katt, to ørkenrotter og to gullfisk.
Her må vi i arrangementskomitéen berre legge oss laaaangflate:) Til neste sommar skal vi sørge for at naboane våre i vest skal få sjansen til å kjøpe lodd og delta på denne trivelege og viktige basaren i Rekstakjellaren. Vi skal sjølvsagt gjere kva vi kan for at alle blir tilfredstilt med vinnarlodd og -lukke! Ha ein framleis strålande augustsommar – med og utan vinnarlukke – og hugs basaren i skulehuset i Rognaldsvåg 29. august!