| Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane Tid for handarbeid![]() På denne tida av året har vi gode tradisjonar for å sitje inne framfor omnen og drive med forskjellig handarbeid. På Reksta vert desse tradisjonane heldne godt i hevd. Til og med på båten er det stor aktivitet med strikkepinnar. I vinter er tradisjonen med kvinneforeining tatt opp igjen, og Ytterøyane 4H har hyra inn Ingrid for å lære dei kunsten å lage kniv med slire. Ca annan kvar torsdag samlast 15 små og store med spikkekniv, sandpapir og synål i Rekstakjellaren – og vi ventar spent på resultatet. Følg arbeidet på nettsida til Ytterøyane 4H. I skulehuset i Rognaldsvåg samalast “alle” kvinnfolka på øya, med strikkepinnar, gode historier og kaffikos ein dag for månaden. Sist tysdag hadde til og med ein gut rota seg inn i foreininga, fordi han hadde i lekse å strikke ferdig ei hue. Han kom på rette plassen:)
Vist 166 gonger. Følgt av 1 person. | ||