Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Søndagskafé 13. februar - for vatn

Ytterøyane 4H arrangerte søndagskafé, i Rognaldsvåg skule sist søndag. Inntekta frå kaféen skal gå til Norske 4H sitt prosjekt Hand of Hope. Norske 4H blir 75 år i 2011, og i staden for å motta gåve har ein bestemt seg for å gi ei gåve. Gåva er reint vatn til Sierra Leone, som er eit av verdas fattigaste land.

Målet er å bygge 44 brønnar som skal sikre reint vatn og gi betre helse, gjennom å lære ved å gjere. Aksjonskonto: 9365.17.76560

På søndagskaféen fekk Ytterøyane 4H inn 1995 kroner til aksjonen – så takk til alle som kom på kafé og støtta eit viktig arbeid!

Før kaféen starta på søndag, var medlemane i klubben samla og skreiv arbeidsplan for årets prosjekt. Alle lagar seg knivar i år, så det vart mange like planar og budsjett i bøkene.

Biletserie med 9 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 129 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder