Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

God kvinnedag!

Kvinnehelse er dagens tema hos LO

• Kvinner utgjer 70 % av verdas fattige.
• Av alt arbeidet i verda utfører kvinner 66 % , dei produserer 50% av maten, men får 10% av inntektene og eig berre 1% av eigedommane

• Dersom gjennomsnittleg avstand til månen er 394 400 km, så går kvinnene i Sør- Afrika til saman fram og tilbake til månen 16 gonger om dagen, for å hente vatn til hushaldninga.
• I arabiske statar er det berre 28 % av arbeidsstokken som er kvinner.
• I Mexico brukar utearbeidande kvinner 33 timar i veka på husarbeid. Mennene brukar seks timer.
• I 2008 var berre 18.4 % av parlamentsmedlemma i verda kvinner.
• 17 av verdens statsleiarar er kvinner.
• Rwanda har det høgaste talet kvinner i parlamentet. Etter valet i 2008 var det 56 % av seta.
• For kvinner mellom 15 og 44 år, er vald ein av hovudårsaken til død eller uføre.
• Av 300 fredsavtalar for 45 konfliktsituasjonar dei siste 20 åra etter den kalde krigen, har 18 avtalar nemnt seksuell vald for 10 av konfliktane

Litt harde fakta frå sportsnorge – frå VG sitt sportsmagasin på fredag:
Hopptrenar Mika Kojonkoski tener omlag 1,5 mill i året for trene hoppgutane. Langrennstrenar Egil Kristiansen tener 450.000 for å trene langrennsjentene våre, og har ingen bonus. Dette er verdsettingsdiskriminering på høgt plan!

Så spørs det om vi treng kvinnedagen?

”Lukke er eit spørsmål om god helse og dårlig hukommelse” sa Ingrid Bergman.

Teikneserie henta frå http://www.virrvarr.net/:

Biletserie med 7 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 124 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder