| Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kystpuls og Fjordaglimt (torsdag 21. april 2011). Les mer om roperten… Ny rekord i Likvikja![]() Gode påsketradisjonar skal ein halde på! Tradisjonen tru samla store mengder fastbuande og hyttefolk seg i Likvikja på Skjærtorsdag. Tradisjonen tru pøsa regnet ned i år og… men det finnast som kjent ikkje dårleg vêr:) Tom var bål- og teljesjef, og han kom fram til at rundt 150 turgåarar hadde trossa vêret. I Likvikja stod Bygdelaget Havglimt for deilig kaffi på bålet, og folk såg ut til å storkose seg med svidde pølser og drøs med naboen. Dette er ein fin måte å treffe sambygdingar og tilreisande på i ferien. På turen til Likvikja baud Ytterøyane 4H på hjernetrim. 15 postar med alle slags mulige (og umulige) spørsmål skulle svarast på undervegs – anten ein kom frå Rognaldsvåg i vest, eller indre/ytre Reksta i aust. På siste post, som var i sjølve Likvikja, avslutta ein med å treffe (eller bomme;) med tre plastkorkar i ei bøtte. FASIT NATURSTI:
RESULTAT:
BARN – 22 deltakarar:
VAKSNE – 17 deltakarar:
Vist 545 gonger. Følgt av 1 person. | ||