Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt og Kystpuls (søndag 26. juni 2011). Les mer om roperten…

Dugnad på tursti og gravplass

Onsdag 22. juni var ein strålande ettermiddag, og ungdommane på Reksta gjorde ein god innsats for fellesskapet. Her var det full aktivitet både i høgda og nede på flata.

Ytterøyane 4H er i gong med å merkje turløypa til Harefjellet, frå Råsa på ytre Reksta. Vi bar staurar med oss som vart delte i to, og slått ned på strategiske plassar langs stien. Pålane fekk så litt måling på toppen så dei vert godt synlege. Nokre plassar vart det bygt små vardar, med ein raudmåla stein på toppen.

No kan turfolket komme:)

Biletserie med 9 bilete — bla med å trykkje på pilene

Ein del av medlemane er konfirmantar til neste år, og dei var opptekne med dugnad på gravplassen denne fine ettermiddagen. Granhekken er klipt, og ein masse greiner har blitt liggande rundt hekken.

Konfirmantane og foreldra gjorde ein god innsats med å rydde vekke dei stikkande ekle greinene. Greinene vart køyrt vekk – nokre til jonsokbålet og nokre til brenning andre stader.

Godt jobba!

Ein del av dugnadsgjengen på gravplassen

Vist 170 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder