Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kystpuls og Fjordaglimt (tysdag 5. juli 2011). Les mer om roperten…

Reksta på langs - frå Selvåg til Rognaldsvåg

Dagens tur vart ein stor suksess, med 35 fornøgde turgåarar, i strålande sol! Gjengen frå Flora Turlag kom på land i Selvågen kl 16.20 og turen starta med å gå opp på Storefjellet. Mange synest det er spektakulert å gå langs ryggen på Storefjellet, med utsikt rett i “avgrunnen” mot Kalvemarkja.

Vel nede på indre Reksta gjekk vi langs vegen til Rekstakjellaren. Der var det matpause i “fugleberget”, og mimring om gamle dansefestar i kjellaren. Dei tilreisande var interssert i øya, og hadde mange spørsmål om folketal, kvar folk bur og mykje meir.

Då vi kom til ytre Reksta delte gruppa seg i to. Nokre valde å gå langs sjøen til Rognaldsvåg, men dei fleste gjekk over Harefjellet. Opp “Råsa” er godt på linje med mange motbakkeløp. Folk fekk verkeleg løyst svetten og kjenne på leggmusklane sine her. På Harefjellet var det god sikt i alle retningar, og det blei mange nye namn i turboka.

Vel ned på asfalten i Rognaldsvåg opna Hans Jakob både den nye og den gamle butikken. Turfolka var glade for å avslutte ein flott tur med is og brus, og så få komme inn og sjå på den gamle krambua. Øyservice henta ein svært godt fornøgd turgjeng kl 20.30

Biletserie med 37 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 295 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse

Nye bilder