| Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kystpuls og Fjordaglimt (tysdag 19. juli 2011). Les mer om roperten… God gammaldags basar![]() Laurdag 16. juli var det fullt hus og stormande jubel i Rekstakjellaren. Kjellarlokala i den gamle skulen på Reksta var fylt til “bristepunktet”. Nærmare 90 personar hadde sessa seg ved langborda, som var dekka med heimebakte kaker, kaffi og saft. Som vanleg var det høg stemning og høgt lydnivå. Trur det var nokon som nemnde kaklande høns… Fastbuande og feriegjestar fekk eit triveleg treffpunkt, med god tid til å prate saman. Loddsalet gjekk unna som ein røyk, og Reksta Ungdomslag, som har ansvaret for huset, sit igjen med omlag 15.500 kroner. Det kjem godt med når vindu og dører skal skiftast, og straum og forsikring betalast! Det var mange flotte gevinstar å vinne, og som det plar vere på basar også ein del kuriositetar… Ausekar, fiskeslukar, diverse pynteting og heimestrikka lubbar vart tatt i mot med stor jubel. Hovudgevinsten i år var ein snikfisketur med naboane Erling og Mass-Bendik. Den som innkasserte den gjeve premien var hyttenabo Sigrid, så no er det berre å vente i spenning på referat frå den store snikfisketuren:) Bilda er tatt av Ilse Van Duijn og Inga Øygard Reksten:
Vist 386 gonger. Følgt av 2 personar. | ||