Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Julegrantenning i nordavind

Du grøne glitrande tre god dag kunne høyrast mellom vindkulene på kaia i Rognaldsvåg i dag – 1. søndag i advent.

Ingebjørg har stilt med ei flott gran frå skogen på ytre Reksta, og det er godt bardunert for å tåle vind frå både sør og nord. Vi får satse på at stormen Berit no har rasa frå seg.

Etter at juletrelysa var tende gjekk alle kjapt opp bakken til bedehuset. Her var det lun varme, gløgg og meir song på timeplanen. Rundt 25 små og store tok ettermiddagskaffien, julebrusen og kakekosen i lag denne 1. søndagen i advent. Dette er ein flott årleg tradisjon, som i år gjekk av stabelen for 11. året på rad!

Alfred stilte med trekkspel og julemusikk, så vi fekk opp førjulsstemninga, med både Musevisa og Julekveldsvisa + mange andre kjente julesongar. Ein triveleg ettermiddag i eit utriveleg førjulsvêr☺

Biletserie med 13 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 170 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder