Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

2.500 til Krisesenteret frå kvinnene på Reksta

Siste halve året har “Kvinneforeininga” her på øya samlast ein dag i månaden for å drøse, strikke, sy, lese, drøse litt til, le saman og kose seg. På kvar samling har vi eit lite lotteri, der vi får kjøpe ei fast kvote med lodd. Alle har med seg tre små gevinstar, og stemninga stig alltid litt ekstra under trekkinga.

Sist tysdag – 29. november – var det dags å gjere opp status for kassa. Vi har tidlegare vedteke å gje pengane vi får inn på lotteriet til Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Når vi held igjen litt vekslepengar vart det ei julegåve på 2.500 kroner til Krisesenteret.

På grunn av eit forrykande stormfult vêr var klubben meir enn halvert sist tysdag, men vi som var der kosa oss med både gløgg og kaffi i tillegg til litt julebakst. No er det “juleferie”, så samlast vi igjen over strikkepinnane den siste tysdagen i januar 2012:)

Biletserie med 6 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 156 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder