Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kystpuls og Fjordaglimt (fredag 2. desember 2011). Les mer om roperten…

Stormfull og gratis fiskemiddag til alle

1. desember 2011 kan hugsast som ein forrykande stormfull og regnvåt dag, med innstilte båtruter. Sjølv om vi har vore avsteng frå omverda i heile dag, har vi ikkje lidd noko naud.

Klokka 5 i ettermiddag var alle invitert til butikken og “Ingrids hjørne”, for gratis fiskemiddag, langope og sosialt samvær. Ervik Havfiske og Olav Steimler promoterte fisken frå linerederiet på Stad.

Olav serverte fantastisk god steikt hyse, med potetstapp og ertepurre, til alle som kom. Rundt 25 personar var samla i kaféhjørnet, og dommen kom raskt på plass frå ein stuert som fekk første porsjonen; Dett var jæ… godt!!!

For ettertida kan alle kjøpe seg ferskfrosen og linefanga fisk frå Ervikfisk sin eigen frysedisk i Rognaldsvåg landhandel. Dette må smakast!

1. desember 2011, kan og hugsast som ei triveleg og kulinarisk oppleving!

Biletserie med 8 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 357 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Så heldige dere var, som fikk servert en slik innbydende rett. Så skikkelig godt ut. Grønn erte-purre var noe nytt. Tar imot tipset med takk. Det må jeg prøve en gang. Hva er egentlig forskjellen på erter-stuing og erte-purre ??

Ertestuing pleier eg å lage av tørka erter som ligg i vatn natta over, og så kokar eg lenge og vel… Denne ertepurreen er laga av frosne erter som er mosa med stavmiksar, og kokt opp med fløyte og krydder. Enkelt og godt! Dessutan blir du i godt humør av den friske grøne fargen:)
P.S. Ervikfisk får du og på alle Coop butikkane rundt om i fylket.

Annonse

Nye bilder