

Søndag 18. desember var alle invitert til sjølvhogst hos den rause nissen på Hågjen. Her fekk alle gå i skogen og hogge seg eit juletre,
og det var mange små og store grantre som fekk seg ein ny juleheim denne helga.
På låven venta det varm gløgg, nissegraut og julebrus. Då dei siste hoggarane kom tilbake frå skogen kom til og med nissen fram. Han var i det rause hjørnet og spanderte villeg vekk både smørbukk karameller og seige sunnfjordingar frå korga si.
Dette er ein flott førjulstradisjon. Så takk din den rause nissen og dei gode hjelparane på Hågjen!!!
Biletserie med 10 bilete — bla med å trykkje på pilene