Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Julekonsertsuksess

Årets julekonsert i Rognaldsvåg bedehus på julaftan, vart ein ny suksess! Vi fekk servert dei tradisjonelle julesongane “Sjå tusen julelys” og “Det lyser i stille grender”, som fleirstemt og flott korsong.

I tillegg er julekoret her ute svært glad i Trygve Hoff sine songar. “Nordnorsk julesalme” og “Aldri mer Hiroshima” set ein ekstra spiss på konserten, som samlar “alle” på øya.

I år var det ein del nye solistar som imponerte publikum. Både dei godt vaksne koristar, og den litt yngre garde klarte dette med glans! Takk for stemningsfull julekonsert!

Biletserie med 16 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 129 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder