Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

All time high - Reksta på langs

Så langt i år har rundt 170 personar gått Reksta på langs, frå Selvåg til Rognaldsvåg. Signe Nordvik og Flora Turlag har lagt sin elsk på turløypene og øya, og hittil i år er det organisert 5 turar her:

  • 9. februar organiserte F.T. denne turen på “Fag- og festdagen” for kommunalt tilsette, ca 30 (?) gjekk turen i sol og kaldt vêr
  • 15. mai gjekk Flora Turlag sin onsdagstur her i pøsande regn. Ca 15 gjekk turen
  • 8. juni hadde Signe med seg Helse Førde. 50 personar gjekk “Øyane over”, der Reksta på langs var ein del av turen.
  • 15. juni gjekk 50 nye frå Helse Førde same turen som 8. juni
  • 26. juni gjekk Flora Turlag sin onsdagstur her i strålande sol og nordavind. 25 gjekk turen

Som om ikkje dette var nok, så kjem Signe og Helse Førde igjen med reprise 24. august. 1. juli blir det arrangert pilegrimsvandring, der Reksta er ein del av turen.

På turen 26. juni gjekk nesten alle turgåarane over alle tre fjella, og var storleg fornøgde med det dei såg og opplevde. For dei som ønskjer ein lettare tur er det eit godt alternativ å gå stien og vegen på sørsida. Eventuelt ein kombinasjon med eit eller to fjell. Turen frå Selvåg til Rognaldsvåg på sørsida er på 5,2 kilometer, og ein del av pilegrimsturen Sunnivaleia.

Biletserie med 22 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 355 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder