Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Julegrantenning og basarkos

I dag starta adventstida med julegrantenning på kaia i Rognaldsvåg. Etter at lysa var tende og treet hadde fått sin song – Du grøne glitrande tre goddag – rusla dei omlag 35 frammøte sambygdinga til skulen.

I det sure vêret var det godt å komme i hus til Olaug og Vivian sin varm gløgg! Så vart det julebrødskiver, pepperkaker, kaffi og drøs rundt borda. Alfred trakterte trekkspelet slik at vi fekk synge oss gjennom mange av julesongane. Nokre fekk til og med svinga dansefoten til musevisa :)

Kveldens høgdepunkt var åresal og trekking. Her var det alt frå frosne svineribber til serviettar og julenissar på premiebordet. Det er alltid nokon som vinn meir enn andre på basar – og slik var det sjølvsagt denne kvelden også. Evy og Simon var flinke gevinstutdelarar!

Takk til dei som stod for denne trivelege adventkvelden! Det er alltid kjekt med eit slikt uformelt treff, og som kjent så elskar alle her på øya basar!

Biletserie med 14 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 406 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder