Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Kva skjer på Reksta i jula?

Her er årets juleplakat for øya i vest – som er klar for julefest :)

Vi manglar julesnøen, men vi garanterar julestemning om du blir med på konserten i bedehuset julaftan kl 14. Øystein Rambøl og Amanda Rosa opnar konserten før Julekoret syng jula inn. Her blir det gamle og nye julesongar, solistinnslag og høgtlesing, og sjølvsagt allsong og julegløgg. Gløym heller ikkje juletrefesten 2. juledag.

Sjølv om det ikkje står på plakaten, så blir det sjølvsagt romjulsbad i Rekstavågjen! Reksta Romjuls Laugarlag satsar på å hoppe i havet 1. juledag, kl 14. Bli med då vel!

Ønskjer alle ei triveleg jul og eit strålande godt nytt år!!!

Vist 1068 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Romjulsbad i Rekstavågjen, får vel ta med badebuksen da :)

Det blir kanoooon !

Annonse

Nye bilder