Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Nytt år - nye turmuligheiter

Januar er tida for dei gode forsetta. For dei fleste betyr det eit mål om å bevege seg meir. Her på Reksta er det utruleg mange måtar å gjere dette på. Det er tre toppar med turbøker, der du kan registrere aktiviteten, og attpåtil vinne premie om du er heldig og ivrig nok.

Flora Turlag har registrert dei fleste turbøkene i kommunen. Storefjellet 173 moh. (255), Vasslifjellet 160 moh. (420) og Harefjellet 218 moh. (280) her på Reksta har gode besøkstal – her er turtala frå 2013 presentert i avisene Firdaposten og Firda. I tillegg er det fint å gå rundt fjella. På ytre Reksta er det ei turbok ved Andreasbautaen – så høgdeskrekk er inga hindring.

Ytterøyane 4H har merka løyper over alle dei tre fjella, så det er lett å finne fram. På ut.no kan du til og med sjå kor stien går: Reksta på langs – trefjellstur og Reksta på langs – pilegrimsturen Sunnivaleia.

Er du historieinteressert? Då kan du gå inn på fylkesatlaset – her klikkar du inn på Kultur og Historie i linken til venstre, og så på linken Stadnamn. Klikk og zoom i kartet (gjerne før du klikkar på linkane), så ser du at Reksta er pepra med lokale stadnamn. Det er Kjartan og Torleif i “Tuna” som har samla og fått dei registrert.

Treng du fleire grunnar for å komme deg ut og opp i høgda? Her er eit knippe bilde frå ulike toppar og årstider:

Biletserie med 31 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 749 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder