Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Forum: Ope forum

Samora rocka Reksta

Gjengen frå hardrock bandet SAMORA har brukt ei veke i bestemorstova på Reksta, for å spele inn EP denne påska. Folk som har gått forbi stoveglasa til Maria i Garden har høyrt uvande lydar frå den kanten siste veka. Her har det vore opptak på opptak og finpussing dagen lang, for å få fram den rette “grooven”.

Nokre av oss fekk til og med gleda av ein mini-intimkonsert i Mariastaua. I følgje dei sjølve har dei fått dei 5 melodiane til EP plata på plass. Erik skal berre ein liten tur til ein anna utkant for å gjere ferdig vokalen. Kanskje kan ei veke på Reksta få Samora lenger ut i verda – det er i alle fall ambisjonen til dei unge musikarane.

I følgje NRK Urørt kombinerar Førdegruppa Samora melodiøse element med tunge riff og ein groovy rytme, og legg seg på sjangerane Hard Rock og Metal. Sjekk denne friske låten på Urørt: “The Fray”:


Gutane i Samora er:
Erik Henden Aaraas – vokal
Asbjørn Reksten Stigedal – gitar
Kim André Danielsen – bass
Peter Nore Bengtsson – slagverk

Mini-intimkonsert i Mariastaua, for familie og vener:

100 Likvikingar samla skjærtorsdag

Tradisjonen tru var det surt og kaldt vêr her på skjærtorsdag, og tradisjonen tru samla folk seg rundt båla i Likvikja. Omlag 100 barske vikingar trassa vêr og vind, tok med seg pølser og grillpinnar og gjekk naturstien frå aust eller vest mot Likvikja, som ligg på sørsida av Reksta.

Alfred hadde på vegne av bygdelaget Havglimt mura opp gruer og tent i fleire bål. Frå den eine grua lukta det herleg kokekaffi… Folk kosa seg med svidde pølser og tilbehør på denne årlege samlinga.

Ytterøyane hadde laga 15 spørsmål som måtte svarast på undervegs til Likvikja. Her var det mykje å bryne seg på, og mange ivrige konkurrentar – og sjølvsagt blir det premiar til dei flinkaste / heldigaste:)

Fasit på naturstien:

  • Silda som er under 1 år og under 12 cm heiter mussa
  • Silda som er 1,5 år og 13 – 19 cm blir kalla bladsild
  • Norges eldste fersvassfisk som var avbilda heiter ishavsrøye
  • Vindstyrken på 8 – 10,7 m/s er frisk bris
  • Når ein motorbåt og ein seglbåt møtest har motorbåten vikeplikt
  • Minste tillatte maskestorleik på trollgarn er 126 millimeter
  • Ole, Dole og Doffen heiter Tick, Trick und Track på tysk
  • Varden på bildet var på Blåkollen
  • Skjærtorsdag tyder reinsetorsdag
  • Månen på bildet var veksande
  • Brunalgen var sagtang
  • Kystplanten som eignar seg som krydderurt til drikke heiter pors
  • Fuglen på bildet var ei havsule
  • Påskeegga er produsert av Freia
  • På siste post kunne ein oppnå 3 poeng ved å kaste 3 plastdingar opp i ei bytte

Resultatliste natursti:
Barn 15 deltakarar:

  • Sander Dyre-Hansen, 11 poeng
  • Mass-Bendik Øygard Reksten, 11 poeng
  • Maja Øygard, 10 poeng
  • Dina (Rindemyra), 10 poeng
  • Henrik (Rindemyra), 10 poeng
  • Hedda (Garden), 10 poeng
  • Agnes (Garden),10 poeng

Vaksne 13 deltakarar:

  • Inga Øygard Reksten, 12 poeng
  • Åge Thunestvedt, 11 poeng
  • Vivian Norstrand, 10 poeng
  • Hans Jakob Sunde, 10 poeng

Familiar / Team, 10 lag:

  • Team Ottar, 13 poeng
  • SAMORA og faren:), 12 poeng
Biletserie med 20 bilete — bla med å trykkje på pilene

Turbok på Vasslifjellet og Storefjellet

No er det komt turbok på Vasslifjellet, ved Likkjevatnet. Det er merka sti frå toppen av Langebakkjen / Skaret, og herifrå er det fint å gå opp til vatnet. Der boksen med turboka ligg på Vasslifjellet er høgda omlag 155 moh. På Storefjellet ligg turboka inne i ein vasstett pose inne i varden, 174 moh. Her er det berre å lette av toppsteinen så finn du boka.

Les meir og sjå bilde

Velkommen til PÅSKEØYA :)

Tradisjonen tru er det fullt program her på Reksta i påska. Det er nesten så vi vaknar av vinterdvalen på denne tida kvart år… Hyttefolk og fastbuande strøymer til, og vil vere med på alt det kjekke som skjer her i påska.

Her er det “offesielle” påskeprogrammet for Reksta 2012:

Les meir om Påskeøya

Reksta Romjulslaugarlag hoppa i havet

Torsdag 29. desember trossa Reksta Romjulslaugarlag ho Dagmar og andre ufyselege vêrtypar som truga med å øydelegge moroa:) Vi gløymde å måle temeperaturen, men truleg låg den ein plass mellom 5 og 8 grader…

Les meir og sjå bilde

Julekonsertsuksess

Årets julekonsert i Rognaldsvåg bedehus på julaftan, vart ein ny suksess! Vi fekk servert dei tradisjonelle julesongane “Sjå tusen julelys” og “Det lyser i stille grender”, som fleirstemt og flott korsong.

Les meir og sjå bilde

Juletrehogst hos nissen på Hågjen

Søndag 18. desember var alle invitert til sjølvhogst hos den rause nissen på Hågjen. Her fekk alle gå i skogen og hogge seg eit juletre,

Les meir og sjå bilde

Stormfull og gratis fiskemiddag til alle

1. desember 2011 kan hugsast som ein forrykande stormfull og regnvåt dag, med innstilte båtruter. Sjølv om vi har vore avsteng frå omverda i heile dag, har vi ikkje lidd noko naud.

Les meir

Julekoret øvar og øvar...

Onsdag 30. november var det korøving i Bedehuset. Det var mykje finsliping på ulike stemmer og øving på solistinnslag.

Les meir

2.500 til Krisesenteret frå kvinnene på Reksta

Siste halve året har “Kvinneforeininga” her på øya samlast ein dag i månaden for å drøse, strikke, sy, lese, drøse litt til, le saman og kose seg. På kvar samling har vi eit lite lotteri, der vi får kjøpe ei fast kvote med lodd. Alle har med seg tre små gevinstar, og stemninga stig alltid litt ekstra under trekkinga.

Les meir

Julegrantenning i nordavind

Du grøne glitrande tre god dag kunne høyrast mellom vindkulene på kaia i Rognaldsvåg i dag – 1. søndag i advent.

Les meir

Kva skjer på Reksta i jula og julestria?

Her er det som vanleg fullt program framover. Den førebelse juleaktivitetslista for 2011 på Reksta ser slik ut:

Les meir og sjå plakat…
Annonse