Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for desember, 2012

Reksta Romjulslaugarlag sette ny rekord

I år gjekk det årlege romjulslauget av stabelen 1. juledag. Det var samla overe 40 personar på kaia i Garden inne i Rekstavågen, og 13 barske laugarar hoppa ut i det kalde vatnet – ca 4 grader… Når Reksta Romjulslaugarlag hoppar i havet skjer det med skrik og skrål, og mykje latter. Vanlegvis plar 4 – 5 personar delta i julebadet, så i år var det ny rekord!

Les meir og sjå video og bilde

Julekonsert gir julestemning

Tradisjonen tru stilte “Julekoret” på Reksta opp med konsert og god julestemning i Rognaldsvåg bedehus på julaftan. Her samlast “alle” på øya, for å synge jula inn i lag med koret, og for å få den gode julestemninga på plass. Benkeradene i bedehuset var fyllt til randa i år, slik at galleriet måtte takast i bruk.
Les meir…

Stålis på Storevatnet

8. desember inviterte Ytterøyane 4H til leik på isen på Storevatnet, på nordsida av Reksta. Isen var så tjukk at vi gav opp å måle den etter å ha bore 8-10 cm ned gjennom stålisen.
Les meir og sjå bilde…

Skjeltefest i november

Eit lite glimt frå den berømte skjeltefesten i Klokkarløa på Reksta. I år gjekk den av stabelen 24. november, og vi kunne feire 10 års jubileum! Firdaposten si utskremte Liv Standal var på plass med penn og kamera:)