Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for desember, 2013

Stormfullt romjulsbad på Reksta

Stormen stogga ikkje det tradisjoneller romjulsbadet i Rekstavågen. 9 friskusar trassa stormen og heiv seg ut i bølgene 1. juledag. Vindstyrken målte vi ikkje, men det var 7 grader i lufta og 7 grader i sjøen :)

Reksta Romjulslaugarlag samla kring 20 tilskodarar som fekk god underhaldning og julegløgg med tilhøyrande julekaker i ly av bua i Garden.

Biletserie med 35 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julekonserten sette julestemninga på Reksta

Årets julekonsert samla kring 90 personar i Rognaldsvåg bedehus på sjølvaste julaftan. Her vart det ein times konsert som starta med operasong av Øystein Rambøl og Amanda Rosa.

Resten av konserten stod det lokale julekoret for. Her fekk folk høyre både tradisjonelle julesongar og nye innslag, som “Har du fyr” og nederlandsk barnesong.

Biletserie med 17 bilete — bla med å trykkje på pilene

Kva skjer på Reksta i jula?

Her er årets juleplakat for øya i vest – som er klar for julefest :)

Vi manglar julesnøen, men vi garanterar julestemning om du blir med på konserten i bedehuset julaftan kl 14. Øystein Rambøl og Amanda Rosa opnar konserten før Julekoret syng jula inn. Her blir det gamle og nye julesongar, solistinnslag og høgtlesing, og sjølvsagt allsong og julegløgg. Gløym heller ikkje juletrefesten 2. juledag.

Sjølv om det ikkje står på plakaten, så blir det sjølvsagt romjulsbad i Rekstavågjen! Reksta Romjuls Laugarlag satsar på å hoppe i havet 1. juledag, kl 14. Bli med då vel!

Ønskjer alle ei triveleg jul og eit strålande godt nytt år!!!

Julegrantenning og basarkos

I dag starta adventstida med julegrantenning på kaia i Rognaldsvåg. Etter at lysa var tende og treet hadde fått sin song – Du grøne glitrande tre goddag – rusla dei omlag 35 frammøte sambygdinga til skulen.

I det sure vêret var det godt å komme i hus til Olaug og Vivian sin varm gløgg! Så vart det julebrødskiver, pepperkaker, kaffi og drøs rundt borda. Alfred trakterte trekkspelet slik at vi fekk synge oss gjennom mange av julesongane. Nokre fekk til og med svinga dansefoten til musevisa :)

Kveldens høgdepunkt var åresal og trekking. Her var det alt frå frosne svineribber til serviettar og julenissar på premiebordet. Det er alltid nokon som vinn meir enn andre på basar – og slik var det sjølvsagt denne kvelden også. Evy og Simon var flinke gevinstutdelarar!

Takk til dei som stod for denne trivelege adventkvelden! Det er alltid kjekt med eit slikt uformelt treff, og som kjent så elskar alle her på øya basar!

Biletserie med 14 bilete — bla med å trykkje på pilene