

Tradisjonen tru samlast folk på Reksta i Likvikja skjærtorsdag. I år var det eit strålande vêr med både påskesol og påskesnø. Mellom 150 og 200 fastbuande og hyttegjestar møttest til natursti og grilling i fjæra.
Her samlast vi i fjæra rundt 4-5 bål til svidde pølser, bålkaffi og kos. Trur det må vere ny rekord når det gjeld både folkemengde og godvêr:)
Dei fleste av turgåarane deltok også i hjernetrimmen undervegs. Det var 15 postar langs stien både frå Rognaldsvågen og ytre Reksta. Her er fasiten for dei som lurer på om dei har svara rett…
- Jakttida på storskarv i S&Fj er frå 1. oktober til 30. november
- Hjortejakta startar 1. september
- Sterk kuling er sterkare enn laber bris og stiv kuling
- Vindstyrken på 48 – 55 knop er full storm
- Redningshelikopterbasen dekkjer område frå Bergen til Molde
- 330 skvadronen driv redningsbasen
- Målestokk 1:100 000 er 1 km i terrenget
- Den høgste øytoppen er Store-Batalden
- Fisken på bildet er ein uer
- Sjømerket kallar vi nordkardinal
- B-gjengen heiter Beagle Boys på engelsk
- Superknuten heiter pålestikk
- Magesekken til krabben kallar vi paven
- 17 gram makrell i tomat git oss nok omega-3 pr dag
- Kråkebollen et så mykje tare at den kan vere ein trussel for tareskogen
Resultatliste natursti:
Barn 16 deltakarar:
- Ellisiv Sunde Myrva, 13 poeng
- Matias Lorentzen Sunde, 12 poeng
- Emilie K. Bøtger, 11 poeng
- Ivan Knapstad, 11 poeng
- Simon Kornelus, 11 poeng
- Adrian Bendiksen, 11 poeng
Vaksne 17 deltakarar:
- Karen Sofie Lorentzen Sunde, 13 poeng
- Torunn Myrva, 12 poeng
- Hans Jacob Sunde, 12 poeng
- Embla Sunde Myrva, 12 poeng
- Svein Bjørkedal, 12 poeng
- Siv Solheim, 12 poeng
Familiar / Team, 10 lag:
- Rekstagjengen Garden & Knausen, 13 poeng
- Familien Knapstad, 12 poeng
- Team Evy, 11 poeng
Biletserie med 32 bilete — bla med å trykkje på pilene