Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord 1mai

1. mai-feiring på Reksta

Eit lite, men svært engasjert 1. mai-tog snigla seg over Vasslifjellet og Storefjellet på Reksta i dag. 4 personar og 2 parolar kan skape både engasjement og godt humør!

Under parolane JA til storboss i øyane og NEI til granplanting i øyane gjekk toget med liv og lyst oppover bakkar og nedover gjel. På Storefjellet vart det halde appell, der temaet var at ingenting kjem av seg sjølv, og at vi framleis må stå saman i kampen for rettferd. Appellanten Johnny avslutta med 3 vers av Stein Over Berg sin song Ta hverandre i handa og hold:

Vi har gått under faner og flagg
på en lang vei fra natt imot dag.
Hån og spott har vi tålt,
men når styrke blir målt
var vi sterkest – vi kjempet i lag.

Nei, nå gjelder det mere enn før!
For hvis samholdet rakner og dør,
venter fiender nok
som vil splitte vår flokk.
Og vår flamme blir aske og glør.

Du skal synge, men aldri i moll!
Du skal kjempe, men aldri med vold!
Tusener støtter vår sak,
så vær stolt og stå rak!
Ta hverandre i handa og hold!

Etter at Internasjonalen hadde runga over Storefjellet – via Spoify – vart feiringa avrunda med lunsj i Langevikja, der både sild og poter, kaffi og sjokolade stod på menyen. Eit forfriskande 1. mai-tog i sol og nordavind, som var prega av viktige politiske samtaler og lun humor :)

Biletserie med 9 bilete — bla med å trykkje på pilene