Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord 17

Hipp hurra for ein strålande 17. mai!!!

Årets 17. mai er no feira etter alle kunstens reglar her på Reksta. Gradestokken har krope over 20 talet, vinden har vore flau og sola har så vidt kikka innom :) eit strålande 17. mai vêr!

På indre Reksta starta vi med tog til Vasslifjellet på føremiddagen. Vi var 15 muntre turgåarar som var utstyrt med både fløyte og flagg. Ved Likjevatnet var det servering av kake, champagne og jordbær. Etter ein times tur med mange fotostogg undervegs, var det heim igjen for omkledning til den store 17. mai festen i Rognaldsvåg skulehus. Heile indre Reksta køyrde dei 5 kilometrane i pynta lastebil, med høg stemning om bord :)

Biletserie med 12 bilete — bla med å trykkje på pilene

I Rognaldsvåg var det nytt tog, som gjekk til både Rognsøya og Tofta, før vi møtte “byfolket” på kaia. Vi mangla musikk i toget, men med roping og hoing blir det likevel god stemning.

På skulen var det nydeleg rømmegraut og eit bognande kakebord – i kjent stil! Takk til Olaug og Ingrid som gjorde ein kjempejobb på kjøkenet!

Både små og store deltok på sekkeløp og 60 meteren i tillegg til idealtid til og frå ferista. Tusen takk til alle for ei strålande feiring!

Biletserie med 13 bilete — bla med å trykkje på pilene

17. mai feiring 2013

Alle er hjarteleg velkomne til årets 17. mai feiring i Rognaldsvåg.

Vi startar med tog kl 13.30 – og så går det slag i slag med rømmegraut, pølser, is, kaffi og masse kaker. Litt leikar blir det og tid til :)

Flott 17. mai feiring i sola!

Sjølv om nasjonaldagen starta med pøsande regn, så vart det ei flott feiring i sola:) Feiringa start kl 15, etter at elevane hade vore inne i byen, og feira saman med klassane sine.

17. mai toget på Reksta gjekk frå grendehuset, ut på Tofta – så på Rognsøya og ein tur nedom moloa på kaia, før det returnerte til skulen. Dagens tog var eit ekspresstog, som gjekk unna i bra fart, med hurrarop og trommer. Takk til Kristoffer og Jim-André som leia toget med taktfast tromming!

I gym-/festsalen fekk vi servert nydelege rømmegraut, med påfølgjande bognande kakebord. Ingen gjekk svoltne heim!

Tradisjonen tru må det leikast på 17. mai. På skuleplassen føregjekk det potetløp, sekkeløp og ein 17. maiquis i tillegg til at folk gjekk på idealtid til og frå ferista.

Rett svar på 17. maiquis 2011:
1. Komponisten av “Norge i rødt, hvitt og blått” var svensk
2. Bergensaren Frederik Meltzer teikna det norske flagget
3. Flagget skal heisat kl 8.00 på 17. mai
4. Dagens flagg vart tatt i bruk i 1821 (som handelsflagg)
5. Norges fyrste offesielle 17. mai tog gjekk i Trondheim
6. Jentene fekk vere med i 17. mai tog frå 1889
7. Russefeiringa starta i 1905
8. Dei spesielle korpsa i Bergen heiter buekorps
9. Henrik Wergeland skreiv “Vi ere en nation vi med”
10. Prins Christian Fredrik vart valt til konge 17. mai i 1814
11. Eidsvollmennene kom frå sørnorge, frå Trøndelag og sørover
12. “Ja vi elsker” hadde opprinneleg 6 vers (8 no)
13. Kongen som kvad i “Ja vi elsker” var Øyvind
14. Det som gav blåfargen i “Norge i rødt, hvitt og blått” er isbreen
15. Frå same songen skal ein La det runge frå gaten og torget

Biletserie med 10 bilete — bla med å trykkje på pilene

17. mai 2009

På veg tilbake frå Rognsøya

Hipp hipp HURRA!!!

Vel overstått strålande 17. mai! Dagen var strålande takka vere kjempegod graut frå Olaug & co på kjøkenet, ei strålande sol frå blå himmel (utan vind) og masse gode kaker, kaffi og is, og sjølvsagt mange blide 17. mai fjes!

På skuleplassen var luftgeværskyting og sekkeløp dei mest populære leikane. Blåsekasting, stylter, kast på boks og idealtid gjekk også godt unna i solsteiken.

Ottar leia festen og Alfred akkompagnerte allsongen på triveleg vis. 17. maitoget som starta kl. 12.00 hadde i år ei ny sløyfe heilt til ytste enden av moloa i hamna.
Klikk deg frå bilde til bilde med pila i høgre bildekant:

Biletserie med 11 bilete — bla med å trykkje på pilene