Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord 4h

100 Likvikingar samla skjærtorsdag

Tradisjonen tru var det surt og kaldt vêr her på skjærtorsdag, og tradisjonen tru samla folk seg rundt båla i Likvikja. Omlag 100 barske vikingar trassa vêr og vind, tok med seg pølser og grillpinnar og gjekk naturstien frå aust eller vest mot Likvikja, som ligg på sørsida av Reksta.

Alfred hadde på vegne av bygdelaget Havglimt mura opp gruer og tent i fleire bål. Frå den eine grua lukta det herleg kokekaffi… Folk kosa seg med svidde pølser og tilbehør på denne årlege samlinga.

Ytterøyane hadde laga 15 spørsmål som måtte svarast på undervegs til Likvikja. Her var det mykje å bryne seg på, og mange ivrige konkurrentar – og sjølvsagt blir det premiar til dei flinkaste / heldigaste:)

Fasit på naturstien:

  • Silda som er under 1 år og under 12 cm heiter mussa
  • Silda som er 1,5 år og 13 – 19 cm blir kalla bladsild
  • Norges eldste fersvassfisk som var avbilda heiter ishavsrøye
  • Vindstyrken på 8 – 10,7 m/s er frisk bris
  • Når ein motorbåt og ein seglbåt møtest har motorbåten vikeplikt
  • Minste tillatte maskestorleik på trollgarn er 126 millimeter
  • Ole, Dole og Doffen heiter Tick, Trick und Track på tysk
  • Varden på bildet var på Blåkollen
  • Skjærtorsdag tyder reinsetorsdag
  • Månen på bildet var veksande
  • Brunalgen var sagtang
  • Kystplanten som eignar seg som krydderurt til drikke heiter pors
  • Fuglen på bildet var ei havsule
  • Påskeegga er produsert av Freia
  • På siste post kunne ein oppnå 3 poeng ved å kaste 3 plastdingar opp i ei bytte

Resultatliste natursti:
Barn 15 deltakarar:

  • Sander Dyre-Hansen, 11 poeng
  • Mass-Bendik Øygard Reksten, 11 poeng
  • Maja Øygard, 10 poeng
  • Dina (Rindemyra), 10 poeng
  • Henrik (Rindemyra), 10 poeng
  • Hedda (Garden), 10 poeng
  • Agnes (Garden),10 poeng

Vaksne 13 deltakarar:

  • Inga Øygard Reksten, 12 poeng
  • Åge Thunestvedt, 11 poeng
  • Vivian Norstrand, 10 poeng
  • Hans Jakob Sunde, 10 poeng

Familiar / Team, 10 lag:

  • Team Ottar, 13 poeng
  • SAMORA og faren:), 12 poeng
Biletserie med 20 bilete — bla med å trykkje på pilene

Dugnad på tursti og gravplass

Onsdag 22. juni var ein strålande ettermiddag, og ungdommane på Reksta gjorde ein god innsats for fellesskapet. Her var det full aktivitet både i høgda og nede på flata.

Les meir

Ny rekord i Likvikja

Gode påsketradisjonar skal ein halde på! Tradisjonen tru samla store mengder fastbuande og hyttefolk seg i Likvikja på Skjærtorsdag. Tradisjonen tru pøsa regnet ned i år og… men det finnast som kjent ikkje dårleg vêr:) Tom var bål- og teljesjef, og han kom fram til at rundt 150 turgåarar hadde trossa vêret.

Les meir og sjå bilde

Variert påskemeny på Reksta

Som vanleg er det stor aktivitet på Reksta i påska. Vi kan ikkje stile med høge fjelltoppar og skiføre, men derimot blomstrande påskeliljer og smålam på bøen! og sjølvsagt mange trivelege folk – og fisk i sjøen!!!

Påskeaktiviteten spenner frå gudsteneste i bedehuset til pub i skulehuset, og innimellom der får du påsketrim til Likvikja og deilig heimebakst på kafé:

Les meir

Søndagskafé 13. februar - for vatn

Ytterøyane 4H arrangerte søndagskafé, i Rognaldsvåg skule sist søndag. Inntekta frå kaféen skal gå til Norske 4H sitt prosjekt Hand of Hope. Norske 4H blir 75 år i 2011, og i staden for å motta gåve har ein bestemt seg for å gi ei gåve. Gåva er reint vatn til Sierra Leone, som er eit av verdas fattigaste land.

Les meir

Kystdag = suksess

Søndag 5. september gjekk årets kystdag av stabelen på Kystmuseet, etter god gammal oppskrift – med spikking, båtsnikkering, padling, roing, mat på bål, krabbe i fjæra, natursti, rømmegraut og sveler. Dette trekkjer folk!
Les meir…

Flott tur i Trollhola

Tenk om vi blir her…

Onsdag 19. mai hadde vi ein fantastisk flott tur i Trollhola på nordsida av Reksta. Gjengen i Ytterøyene 4H hadde utrusta seg med tau og sjaklar, og Ole hadde gjort alt klart for den store nedstiginga – til det aller innerste av Trollhola. Vi var ikkje så veldig godt utstyrt med sikringsutstyr – så det var kanskje ein fordel at ikkje foreldra såg på klatreaktivitetane;)

Det måtte ein del klatring til, og Ole hadde rigga til med tau med mange knutar på. Ein og ein klatra ned, og Ole stod i botnen og tok i mot. Siste delen av nedstiginga er eit overheng – og her var det ikkje så enkelt – verken ned eller opp….men etter nokre forsøk kom vi alle begge vegar.

Vi starta turen frå toppen av Langebakkjen og inn til Trollhola. På heimvegen delte vi oss – slik at nokre av oss gjekk sørover til Selvågen og indre Reksta, mens resten av gjengen gjekk i Lendingen – og vidare vestover i båt.

Bla deg gjennom bilda under:

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene

PANGstart i Ytterøyane 4H

1-2-3-4HOPP

Laurdag 6. februar var det PANGstart i Ytterøyane 4H. Det vil sei at alle kom i gang med 4H prosjekta sine. Dei ni medlemane har valt oppgåvene mekking, trearbeid, form og fantasi, skyting, baking, sau og aspiranten. På pangstarten har alle skrive ei plan over kva dei skal jobbe med og korleis, fram til haustfesten i oktober. Har god tru på at alle gjennomfører med glans! Sjølv om alle planar blir litt endra undervegs – vegen blir til mens vi går oss vill;)

Innimellom intens prosjektplanlegging og grautmåltid var vi ute og brukte det fantastiske vintervêret vi har her ute i havet. Gutane hadde sett seg ut ein skavl oppunder fjellet, og den vart utprøvd både med ski, akebrett og rumpa. Det var knallhard skare, så det vart mange harde møte med kong vinter…

Olai vart fjorten år denne dagen, så han fekk ein ekstra PANGstart på bursdagen. Vivian stilte med kaker og brus – så både Olai og vi fekk ein god avslutning på 4H-dagen.

Bla deg gjennom bilda frå skileik og bursdagsfeiring:

Biletserie med 11 bilete — bla med å trykkje på pilene

Fylkets og Norges mest aktive i friluft!

Jippi!

4H klubben på Reksta – Ytterøyane 4H – er kåra til fylkets og landets mest aktive klubb i friluft. Dei 10 aktive medlemane med rådgjevarar og foreldre har trossa vind og vêr gjennom heile året, og arrangert 21 turar og aktivitetar ute i friluft frå januar til desember dette året. Friluftsaktiviteten siste året blir no premiert med ein kano og kr. 5.000,- til friluftsutstyr!

Med måneskinnstur, skøyte og ski, fisking, kajakkpadling, lommelyktturar, mat på bål m.m. på planen har det gått slag i slag her ute på Reksta siste året. Det viktigaste er kanskje at ungane og ungdommane lærer seg å setje pris på å vere ute, og setje pris på den naturen vi har rundt oss. For det er ingen sure miner når denne gjengen er ute på tur! Dette kan vi vere stolte av!

Sitat frå Norske 4H si nettside

Vinnerne av Aktiv i Friluft 2009 er kåret
Etter hard konkurranse er det nå kåret 14 fylkesvinnere i “Aktiv i Friluft”, altså en i hvert deltagende fylke.
Ut av vinnerklubbene er en klubb kåret til landets mest aktive friluftsklubb. Ytterøyane 4H i Sogn og Fjordane gikk av med seieren med totalt 21 aktiviteter og får en kano i hovedpremie.
Klubbene har deltatt i 4H Norges friluftskonkurranse ved å sende inn friluftsaktivitetene de har hatt i løpet av året. Vinnerklubbene får 5000,- de kan bruke på friluftsutstyr.

Bildealbum Ytterøyane 4H

Bla deg gjennom eit utval av bilda våre her:

Biletserie med 19 bilete — bla med å trykkje på pilene

Haustfest i Ytterøyane 4H

Friluftsliv er kjekt:)

Søndag 18. oktober gjekk årets haustfest i Ytterøyane 4H av stabelen. Kring 40 personar var samla i gymsalen på skulen, der dei fekk sjå kva medlemane har drive med siste året. Alle 4H medlemane har jobba med eit prosjekt gjennom heile året året, som vart utstilt denne kvelden. Alle dei 8 som stilte ut har jobba med friluftsliv og matlaging dette året. Her fekk dei vist fram utstyr, turlogg, mat og ting dei har laga + mange flotte bilde frå mange flotte turar!

Det var både underhaldning, kaffi & kaker og loddtrekking under festen. Høgdepunktet var at medlemane fekk godkjent-merke for prosjekta sine. 3 vaksne hadde jobba i fleire timar med å gå gjennom og kommentere kvart enkelt prosjekt, og det er alltid litt spaning rundt godkjenning eller ikkje godkjenning. Dette gjekk bra, og alle dei 8 utstillarane gjekk stolte heim med nytt merkje på brystet. Dei fleste er allereie i gong med å tenkje ut neste års prosjekt:)

Klikk på pila i bildekanten:

Biletserie med 7 bilete — bla med å trykkje på pilene

Torsdag 24. september var Ytterøyane 4H på tur i Storeåsen

Ut på telttur:)

Ytterøyane 4H på tokt

Ti glade gutar og tre blide vaksne har hatt ein fantastisk kjekk telttur denne helga – frå fredag til laurdag. Vi slo leir i Lendingen med to lavoar, to båtar og tre kajakkar. Kvelden gjekk med til bålkos, matlaging og litt fiske.

Ytterøyane 4H har vore på tokt igjen, men denne gongen sov vi ute i lag med hjorten og andre vi ikkje såg. Det vart fortalt så livaktige spøkelsehistorier at det vart fort stilt i telta fredagskvelden – inge ville (torde) ut for å skremme;)

Laurdagen køyrde og padla vi over til Hestøyna der vi hadde konkurranse i flyndrestein kasting, trefelling og vardebygging. Ein kjempekjekk gjeng å vere på tur med!!!

Bla deg gjennom bilda her:

Biletserie med 13 bilete — bla med å trykkje på pilene

4H hjortejakt

Johnny – stolt jegar

Årets fyrste hjort på Reksta vart ein ekte 4H hjort. Medlemane i Ytterøyane 4H fekk vere med på spennande jakt på fyrste jaktdagen, torsdag 10. september. Etter ei innføring i sikkerheit og jaktetikk, bar det til fjells som jagarar for alle dei 10 medlemane og 2 vaksne. Det vart ein dryg tur gjennom lyng og eine og under tettvaksne sitkagraner – men utsikta var flott. Det vart jaga 2 hjortebukkar austover mot Bakkadalen, men dei to skyttarane fekk dei dessverre ikkje på skothald.

Vel nede igjen var det svidde pølser på bålet i fjæra, før vi fekk vi melding om at det var skote ei kolle oppunder fjellet ved Larsvika. Dermed fekk 4H gjengen med seg ei lærerik og blodig slakteøkt på bua til Ingebjørg.

Kolla vart flådd etter alle kunstens reglar, og Ytterøy-4Harane var ivrige deltakarar. Alle gjekk godt fornøgde heim igjen, med hjorteblod på nevane, og mange erfaringar rikare. Takk til Olav, Kjell-Atle og Johnny som tok seg tid til å ha 10 ivrige – kanskje framtidige hjortejegerar – med på ei spanande oppleving!

Ein artikkel i Firdaposten om 4H jakta har skapt frisk debatt:)

Bla deg gjennom bilda med pila i bildekanten:

Biletserie med 17 bilete — bla med å trykkje på pilene

Ytterøymeisterane i Humrevikja

Vi oppdagar stadig nye flotte turmål, når vi er ute på tur med Ytterøyane 4H. Onsdags kvelden hadde gjengen ein fantastisk flott tur på sørvestre sida av Reksta. Vi skulle gå i Grindaneset, men det viste seg at vi enda opp i Humrevikja – så lærte vi eit nytt lokalt namn óg. Her arrangerte vi Ytterøymeisterskap i 3 ulike greiner – inspirert av “Mesternes mester”.

Mary og eg hadde med oss ein utruleg engasjert gjeng, som viste stor vilje til lagånd!. Det vart fyrst konkurrert i seljefløytespikking. Dei 3 laga spikka og spikka så flisane og bloddråpane fauk i over ein time, og omsider høyrte vi fløytelyd – til stor jubel! Høyr på Olai sitt fløytespel:

Neste post i meisterskapen var vassause stafett. Kvart lag skulle fylle ei bøtte som stod langt inne på land, med eit ausekar. Innsatsvilje var formidabel, og dei fleste var våte til skinnet når kampen var over.

Etter tomasuppe koking var det klart for siste runde, som var vardebygging. Laga la opp litt forskjellig strategi, og det vart tre flotte og kreative vardar. Målet var fyrstemann til 1 meter, og etter godt lagarbeid og djup konsentrasjon vart meisterlaget kåra også i denne greina.

Det vart ein veldig kjekk aktivitetsdag, som hadde passa like godt for vaksne som for dei 12 medlemane i Ytterøyane som var med. Vi var dessutan så heldige at dei tre laga vann kvar si grein i meisterskapen:) Så absolutt ein suksess til gjentaking!

Sjå også www.ytteroyane.no
Bruk pila i bildekanten og klikk deg frå bilde til bilde:

Biletserie med 16 bilete — bla med å trykkje på pilene

Markedsfør bygda med trivsel

Bli med i Trivselskalenderen!

Eg kom over denne fine Reksta-sona i går. Ikkje berre er den fin, men virker som om det er ei nyttig sone som samlar godt lokalt stoff for de som bur på Reksta. På Origo har vi laga ei sone som heiter Trivselsbygda. Der samlar vi folk frå 4H, Bygdekvinnelaget og Norges Bygdeungdomslag som jobbar med å skapa meir engasjement og trivsel i bygda si. Dei arrangementa på Origo som er markert med stikkordet trivsel dukkar då opp i eigen trivselskalender. Denne trivselskalenderen har vi lyst å vise fram for enda fleire og vise at det er bra å bu i bygd og land.
Kanskje du har lyst å hjelpe?

Alt du treng å gjere er å markere passande arrangement med stikkordet trivsel i kva som helst sone og etter ein halvtime vil arrangementet også dukke opp i kalenderen i Trivselsbygda.

Dersom du har lyst til å bli medlem i Trivselsbygda, er du også hjartleg velkommen inn i varmen. Der delar vi tips til å få meir liv i bygda!