Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord rognaldsvåg

Onsdagstur over Reksta

- Dette var fantastisk flott! – For eit fint turterreng! – Eg er jammen glad eg blei med på denne turen! Slike tilbakemeldingar fekk vi etter at 33 turglade Sunnfjordingar var med og gjekk Reksta på langs i ettermiddag.

Det var Flora Turlag sin onsdagstur som gjekk frå Selvåg i aust til Rognaldsvåg i vest – over Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet. Vi brukte i underkant av 3 timar på turen og i følge turappen gjekk vi 7 km og til saman 550 høgdemeter opp og ned. På alle toppane er det turbøker, som fekk mange nye namn i dag, og kanskje blir det ein gevinst på ein av dei som skreiv seg i “manntalet”.

Nokre få av turgåarane valde å gå “Sunnivaleia” langs sjøen på sørsida, frå indre Reksta til Rognaldsvåg. Alle hadde matpause undervegs, men då vi kom vest til Rognaldsvåg var det godt å komme i hus og i livd for ein forholdsvis kald nordavind.

Hans Jakob og Ingrid serverte nysteikte vaflar og kaffi i Ingrids hjørne, og i tillegg kunne turgåarane leske seg med is og anna godteri frå butikken. Nærmare kl 21 tok dei tilreisande rutebåten inn igjen til fastlandet – etter nok ein vellukka tur frå våg til våg.

Biletserie med 19 bilete — bla med å trykkje på pilene

Måneskinnstur til Harefjellet

I kveld var vi 5 turlystne som gjekk til toppen av Harefjellet i måneskinn. Det var litt skya, så det var godt å ha med hauelykta…

Det er alltid flott å komme opp til varden (218 moh.) og nyte utsikta, og i kveld var den spektakulær – med snø, månelys, nattleg lys frå byen i aust og frå båtar og plattformar i vest.

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Nytt år - nye turmuligheiter

Januar er tida for dei gode forsetta. For dei fleste betyr det eit mål om å bevege seg meir. Her på Reksta er det utruleg mange måtar å gjere dette på. Det er tre toppar med turbøker, der du kan registrere aktiviteten, og attpåtil vinne premie om du er heldig og ivrig nok.

Les meir og sjå bilde

Julekonserten sette julestemninga på Reksta

Årets julekonsert samla kring 90 personar i Rognaldsvåg bedehus på sjølvaste julaftan. Her vart det ein times konsert som starta med operasong av Øystein Rambøl og Amanda Rosa.

Resten av konserten stod det lokale julekoret for. Her fekk folk høyre både tradisjonelle julesongar og nye innslag, som “Har du fyr” og nederlandsk barnesong.

Biletserie med 17 bilete — bla med å trykkje på pilene

Kva skjer på Reksta i jula?

Her er årets juleplakat for øya i vest – som er klar for julefest :)

Vi manglar julesnøen, men vi garanterar julestemning om du blir med på konserten i bedehuset julaftan kl 14. Øystein Rambøl og Amanda Rosa opnar konserten før Julekoret syng jula inn. Her blir det gamle og nye julesongar, solistinnslag og høgtlesing, og sjølvsagt allsong og julegløgg. Gløym heller ikkje juletrefesten 2. juledag.

Sjølv om det ikkje står på plakaten, så blir det sjølvsagt romjulsbad i Rekstavågjen! Reksta Romjuls Laugarlag satsar på å hoppe i havet 1. juledag, kl 14. Bli med då vel!

Ønskjer alle ei triveleg jul og eit strålande godt nytt år!!!

Julegrana er klar for tenning

I dag er julegrana saga og sett opp på kaia i Rognaldsvåg. Grana er saga ved Langebakkjen og ein dugnadsgjeng fekk den på plass i foten, ved butikken på kaia.

Då er det berre å møte opp til julegrantenning på kaia kl 17 i morgong. Etterpå blir det kaffi, kaker og julegløgg + BASAR på skulen. Velkommen til eit triveleg førjulstreff!

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julegrantenning og basar

Søndag 1. desember vert julegrana tent på kaia i Rognaldsvåg. Møt fram kl 17.00, og ver med å synge adventstida inn. (Klikk på plakaten til høgre).

Etter at juletrelysa er tende på kaia går vi opp til skulen, til eit triveleg førjulstreff. Her blir det allsong til trekkspelmusikk, og ein minibasar med flotte julepremiar :)

Bygdelaget Havglimt byr på julegløgg, kaffi og kaker – og kanskje kjem nissen???

Her kan du lese om julegrantenninga i 2011

Rognaldsvåg bedehus 100 år

Bedehuset i Rognaldsvåg stod ferdig i 1913 etter stor dugnadsinnsats, og vart vigsla 13. november for 100 år sidan.

Styret i bedehuset inviterar til jubileumsfest laurdag 9. november 2013 klokka 16.00

På programmet står det

  • Andakt ved sokneprest Nesse
  • Kulturinnslag / underhaldning
  • Utlodding
  • Kaffi og rikhaldig kakebuffet

Det går båt til og frå Florø (klikk på plakaten her)

På fylkesarkivet sitt kulturhistoriske leksikon finn ein litt historie om 100 års-jubilanten.

Biletserie med 6 bilete — bla med å trykkje på pilene

Her er døme på noko av det bedehuset blitr brukt til i dag: Julekonsert på Julaftan

All time high - Reksta på langs

Så langt i år har rundt 170 personar gått Reksta på langs, frå Selvåg til Rognaldsvåg. Signe Nordvik og Flora Turlag har lagt sin elsk på turløypene og øya, og hittil i år er det organisert 5 turar her:

Les meir og sjå foto

Reksta på langs - på ut.no

Å gå Reksta på langs, anten over eit, to eller tre fjell – eller langs sjøen er blitt populært. Flora Turlag har lagt to av sine onsdagsturar ut her i år (og dei siste åra). Sjå flotte bilde her. I tillegg arrangerte kommunen turen for sine tilsette tidleg i vår, og Helse Førde har hatt to turar no i juni. Flora Turlag arrangerer neste Rekstatur onsdag 26. juni, frå Selvåg til Rognaldsvåg.

Ytterøyane 4H har rydda og merka stiane, slik at det er lett å finne fram, og stiane er godt opptrakka. I tillegg er sørsida frå Selvåg til Rognaldsvåg – langs sjøen – merka som pilegrimsruta “Sunnivaleia”. Det ligg turbøker på Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet.

Begge turane Reksta på langs – trefjellstur og Reksta på langs – pilegrimsturen Sunnivaleia ligg no ute på nettsida ut.no.

Gå til ut.no og søk på Reksta så finn du turbeskriving og kart. God tur!

Hipp hurra for ein strålande 17. mai!!!

Årets 17. mai er no feira etter alle kunstens reglar her på Reksta. Gradestokken har krope over 20 talet, vinden har vore flau og sola har så vidt kikka innom :) eit strålande 17. mai vêr!

På indre Reksta starta vi med tog til Vasslifjellet på føremiddagen. Vi var 15 muntre turgåarar som var utstyrt med både fløyte og flagg. Ved Likjevatnet var det servering av kake, champagne og jordbær. Etter ein times tur med mange fotostogg undervegs, var det heim igjen for omkledning til den store 17. mai festen i Rognaldsvåg skulehus. Heile indre Reksta køyrde dei 5 kilometrane i pynta lastebil, med høg stemning om bord :)

Biletserie med 12 bilete — bla med å trykkje på pilene

I Rognaldsvåg var det nytt tog, som gjekk til både Rognsøya og Tofta, før vi møtte “byfolket” på kaia. Vi mangla musikk i toget, men med roping og hoing blir det likevel god stemning.

På skulen var det nydeleg rømmegraut og eit bognande kakebord – i kjent stil! Takk til Olaug og Ingrid som gjorde ein kjempejobb på kjøkenet!

Både små og store deltok på sekkeløp og 60 meteren i tillegg til idealtid til og frå ferista. Tusen takk til alle for ei strålande feiring!

Biletserie med 13 bilete — bla med å trykkje på pilene

17. mai feiring 2013

Alle er hjarteleg velkomne til årets 17. mai feiring i Rognaldsvåg.

Vi startar med tog kl 13.30 – og så går det slag i slag med rømmegraut, pølser, is, kaffi og masse kaker. Litt leikar blir det og tid til :)

Julekonsert gir julestemning

Tradisjonen tru stilte “Julekoret” på Reksta opp med konsert og god julestemning i Rognaldsvåg bedehus på julaftan. Her samlast “alle” på øya, for å synge jula inn i lag med koret, og for å få den gode julestemninga på plass. Benkeradene i bedehuset var fyllt til randa i år, slik at galleriet måtte takast i bruk.
Les meir…

Kva skjer på Reksta i jula og julestria?

Her har du ei oversikt over alle dei planlage aktivitetane i juletida og julestria – kanskje dukkar det opp fleire:)

3 fjellstur på Reksta

Reksta på langs med Flora Turlag gjekk av stabelen i yrande regn, som onsdagstur 8. august. 25 turgåarar kom på land i Selvåg med fireruta. Der venta det 11 lokale turgåarar, slik at det tilsaman var 36 personar som fullførte turen. Dette er andre gongen i år at turlaget arrangerar denne turen. I slutten av juni gjekk turen unna i strålande sol og 40 turgåarar, utan at alle som ville fekk plas på båten den gongen.

Les meir og sjå bilde

100 Likvikingar samla skjærtorsdag

Tradisjonen tru var det surt og kaldt vêr her på skjærtorsdag, og tradisjonen tru samla folk seg rundt båla i Likvikja. Omlag 100 barske vikingar trassa vêr og vind, tok med seg pølser og grillpinnar og gjekk naturstien frå aust eller vest mot Likvikja, som ligg på sørsida av Reksta.

Alfred hadde på vegne av bygdelaget Havglimt mura opp gruer og tent i fleire bål. Frå den eine grua lukta det herleg kokekaffi… Folk kosa seg med svidde pølser og tilbehør på denne årlege samlinga.

Ytterøyane hadde laga 15 spørsmål som måtte svarast på undervegs til Likvikja. Her var det mykje å bryne seg på, og mange ivrige konkurrentar – og sjølvsagt blir det premiar til dei flinkaste / heldigaste:)

Fasit på naturstien:

  • Silda som er under 1 år og under 12 cm heiter mussa
  • Silda som er 1,5 år og 13 – 19 cm blir kalla bladsild
  • Norges eldste fersvassfisk som var avbilda heiter ishavsrøye
  • Vindstyrken på 8 – 10,7 m/s er frisk bris
  • Når ein motorbåt og ein seglbåt møtest har motorbåten vikeplikt
  • Minste tillatte maskestorleik på trollgarn er 126 millimeter
  • Ole, Dole og Doffen heiter Tick, Trick und Track på tysk
  • Varden på bildet var på Blåkollen
  • Skjærtorsdag tyder reinsetorsdag
  • Månen på bildet var veksande
  • Brunalgen var sagtang
  • Kystplanten som eignar seg som krydderurt til drikke heiter pors
  • Fuglen på bildet var ei havsule
  • Påskeegga er produsert av Freia
  • På siste post kunne ein oppnå 3 poeng ved å kaste 3 plastdingar opp i ei bytte

Resultatliste natursti:
Barn 15 deltakarar:

  • Sander Dyre-Hansen, 11 poeng
  • Mass-Bendik Øygard Reksten, 11 poeng
  • Maja Øygard, 10 poeng
  • Dina (Rindemyra), 10 poeng
  • Henrik (Rindemyra), 10 poeng
  • Hedda (Garden), 10 poeng
  • Agnes (Garden),10 poeng

Vaksne 13 deltakarar:

  • Inga Øygard Reksten, 12 poeng
  • Åge Thunestvedt, 11 poeng
  • Vivian Norstrand, 10 poeng
  • Hans Jakob Sunde, 10 poeng

Familiar / Team, 10 lag:

  • Team Ottar, 13 poeng
  • SAMORA og faren:), 12 poeng
Biletserie med 20 bilete — bla med å trykkje på pilene

Velkommen til PÅSKEØYA :)

Tradisjonen tru er det fullt program her på Reksta i påska. Det er nesten så vi vaknar av vinterdvalen på denne tida kvart år… Hyttefolk og fastbuande strøymer til, og vil vere med på alt det kjekke som skjer her i påska.

Her er det “offesielle” påskeprogrammet for Reksta 2012:

Les meir om Påskeøya

Julekonsertsuksess

Årets julekonsert i Rognaldsvåg bedehus på julaftan, vart ein ny suksess! Vi fekk servert dei tradisjonelle julesongane “Sjå tusen julelys” og “Det lyser i stille grender”, som fleirstemt og flott korsong.

Les meir og sjå bilde

Stormfull og gratis fiskemiddag til alle

1. desember 2011 kan hugsast som ein forrykande stormfull og regnvåt dag, med innstilte båtruter. Sjølv om vi har vore avsteng frå omverda i heile dag, har vi ikkje lidd noko naud.

Les meir

Julegrantenning i nordavind

Du grøne glitrande tre god dag kunne høyrast mellom vindkulene på kaia i Rognaldsvåg i dag – 1. søndag i advent.

Les meir

Kva skjer på Reksta i jula og julestria?

Her er det som vanleg fullt program framover. Den førebelse juleaktivitetslista for 2011 på Reksta ser slik ut:

Les meir og sjå plakat…

Flott omtale i Båtmagasinet november 2011

Båtmagasinet har vore på tokt og skrive ein flott reportasje om fiskeværet Rognaldsvåg – “Midt i Smørøyet”:

Bli med Reksta på langs

Sist onsdag vart den planlagde turen til Flora Turlag – over Reksta – avlyst pga. regn, skodde og generelt surt vêr… No på tysdag 5. juli kjem ein ny sjanse!

Flora Turlag inviterar til å gå Reksta på langs, frå Selvågen til Rognaldsvåg – over det inste og det ytste fjellet. Les meir på turlaget si nettside.

For dei som allereie er på øya kan det vere lurt å møte opp i Selvågen ca kl 16.20. Her er turreportasje og bilde frå tilsvarande tur i 2009. Den gongen gjekk vi frå vest til aust.