Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord aktivitet

Variert påskemeny på Reksta

Som vanleg er det stor aktivitet på Reksta i påska. Vi kan ikkje stile med høge fjelltoppar og skiføre, men derimot blomstrande påskeliljer og smålam på bøen! og sjølvsagt mange trivelege folk – og fisk i sjøen!!!

Påskeaktiviteten spenner frå gudsteneste i bedehuset til pub i skulehuset, og innimellom der får du påsketrim til Likvikja og deilig heimebakst på kafé:

Les meir

Kva skjer på Reksta i jula?

Julekonsert julaftan

No er julestria over oss for fullt, og det ser jammen ut til at vi skal få kvit jul – det er ikkje verst!

I advents- og juletida skjer det mykje her hos oss. Her er ei liste over det eg førebels veit skal føregå framover:

  • Juletrehogst på Hågjen søndag 20. desember
  • Julekonsert med julekoret i bedehuset julaftan kl. 14.00
  • Gudsteneste og juletrefest i bedehuset 3. juledag kl 16.00
  • Reksta romjulslaugarlag hiv seg ut i Rekstavågen ein dag i romjula
  • Filmkveld for ungane på skulen 28.? desember
  • Pub 2. nyttårsdag? (trur eg)
  • Håpar vintervêret held så vi kan møtast på ski eller skøyter i jula

Julekonsert 24. desember — Vi syng jula inn!

Fylkets og Norges mest aktive i friluft!

Jippi!

4H klubben på Reksta – Ytterøyane 4H – er kåra til fylkets og landets mest aktive klubb i friluft. Dei 10 aktive medlemane med rådgjevarar og foreldre har trossa vind og vêr gjennom heile året, og arrangert 21 turar og aktivitetar ute i friluft frå januar til desember dette året. Friluftsaktiviteten siste året blir no premiert med ein kano og kr. 5.000,- til friluftsutstyr!

Med måneskinnstur, skøyte og ski, fisking, kajakkpadling, lommelyktturar, mat på bål m.m. på planen har det gått slag i slag her ute på Reksta siste året. Det viktigaste er kanskje at ungane og ungdommane lærer seg å setje pris på å vere ute, og setje pris på den naturen vi har rundt oss. For det er ingen sure miner når denne gjengen er ute på tur! Dette kan vi vere stolte av!

Sitat frå Norske 4H si nettside

Vinnerne av Aktiv i Friluft 2009 er kåret
Etter hard konkurranse er det nå kåret 14 fylkesvinnere i “Aktiv i Friluft”, altså en i hvert deltagende fylke.
Ut av vinnerklubbene er en klubb kåret til landets mest aktive friluftsklubb. Ytterøyane 4H i Sogn og Fjordane gikk av med seieren med totalt 21 aktiviteter og får en kano i hovedpremie.
Klubbene har deltatt i 4H Norges friluftskonkurranse ved å sende inn friluftsaktivitetene de har hatt i løpet av året. Vinnerklubbene får 5000,- de kan bruke på friluftsutstyr.

Bildealbum Ytterøyane 4H

Bla deg gjennom eit utval av bilda våre her:

Biletserie med 19 bilete — bla med å trykkje på pilene