Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord basar

Sommarsol og vinnarlukke

Laurdag 12. juli var ein strålande sommardag – og basaren i Rekstakjellaren vart ein strålande suksess! Det flotte vêret gjorde truleg sitt til at ikkje fullt så mange som tidlegare år fann vegen til det gamle skulehuset på indre Reksta. Vi var likevel mange som kosa oss med kaffi, kaker, saft og masse lodd!

Det var god gammaldags basarstemning med åresal og trekking av gevinstar i alle storleikar og fasongar. Her gjekk folk lukkelege heim igjen etter eit par timars drøs – med alt frå heimespøta lubbar, huer og vottar til flytedressar og flugepisker “under armen”.

På basaren trekte vi og ut 4 heldige turgåarar som har skrive seg i bøkene på Vasslifjellet og Storefjellet – dei fekk kvar sitt gåvekort på sportsutstyr. Turaktiviteten har vore stor med til saman over 800 namn i turbøkene sidan basaren i fjor!

Basaren gav Reksta Ungdomslag heile 17.000 i kassa, og det er vi kjempefornøgde med! Pengane skal gå til vedlikehald av Rekstakjellaren – i tillegg til straumrekning og forsikring av bygget.

Reksta Ungdomslag takkar alle som stilte opp med gevinstar, kaker og vinnarlukke;) – slik at denne årlege tradisjonen er kjekk å halde på med!

Biletserie med 10 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julegrantenning og basarkos

I dag starta adventstida med julegrantenning på kaia i Rognaldsvåg. Etter at lysa var tende og treet hadde fått sin song – Du grøne glitrande tre goddag – rusla dei omlag 35 frammøte sambygdinga til skulen.

I det sure vêret var det godt å komme i hus til Olaug og Vivian sin varm gløgg! Så vart det julebrødskiver, pepperkaker, kaffi og drøs rundt borda. Alfred trakterte trekkspelet slik at vi fekk synge oss gjennom mange av julesongane. Nokre fekk til og med svinga dansefoten til musevisa :)

Kveldens høgdepunkt var åresal og trekking. Her var det alt frå frosne svineribber til serviettar og julenissar på premiebordet. Det er alltid nokon som vinn meir enn andre på basar – og slik var det sjølvsagt denne kvelden også. Evy og Simon var flinke gevinstutdelarar!

Takk til dei som stod for denne trivelege adventkvelden! Det er alltid kjekt med eit slikt uformelt treff, og som kjent så elskar alle her på øya basar!

Biletserie med 14 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julegrana er klar for tenning

I dag er julegrana saga og sett opp på kaia i Rognaldsvåg. Grana er saga ved Langebakkjen og ein dugnadsgjeng fekk den på plass i foten, ved butikken på kaia.

Då er det berre å møte opp til julegrantenning på kaia kl 17 i morgong. Etterpå blir det kaffi, kaker og julegløgg + BASAR på skulen. Velkommen til eit triveleg førjulstreff!

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julegrantenning og basar

Søndag 1. desember vert julegrana tent på kaia i Rognaldsvåg. Møt fram kl 17.00, og ver med å synge adventstida inn. (Klikk på plakaten til høgre).

Etter at juletrelysa er tende på kaia går vi opp til skulen, til eit triveleg førjulstreff. Her blir det allsong til trekkspelmusikk, og ein minibasar med flotte julepremiar :)

Bygdelaget Havglimt byr på julegløgg, kaffi og kaker – og kanskje kjem nissen???

Her kan du lese om julegrantenninga i 2011

Årets basar i Rekstakjellaren

Laurdag 21. juli gjekk årets basar av stabelen i Rekstakjellaren. Tradisjonen tru var det mykje folk samla i den gamle skulehuskjellaren. Basarkomiteen hadde jobba intenst med å rigge på plass alle gjevinstane, og fått på plass både kaffi, saft og kaker i store mengder.

Som vanleg gjekk åresalet godt unna, og folk jubla over å vinne meir eller mindre nyttige ting:) Heldigvis blir det framleis produsert ein del heimelaga gevinstar. Så både heimestrikka gryteklutar, varmande lubbar og vottar er populære å vinne. Elles var det både lekre skjerf,ryggsekkar, fiskeslukar og søt sjokolade å vinne.

Nytt av året var premiering for turbøkeneStorefjellet og Vasslifjellet. Folk har vore flinke til å springe på fjella! Lars Erik Reksten og Anita Øygard vann for flest turar, og fekk blandebatteri frå Ahlsell og gåvepremie på kr 500 frå PSWinCom. Inger Reksten Stigedal og Adrian Nygård vart trekt ut mellom turgåarane og fekk kvar sitt gåvekort frå A til Å på kr 250. Det er berre å springe på fjellet, for til neste år blir det kanskje du som vinn:)

Reksta Ungdomslag takkar elles alle bidragsytarar med ca 15.000 ferske kroner i lagskassa, etter basaren.

Fotograf Inga Øygard Reksten:

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

God gammaldags basar

Laurdag 16. juli var det fullt hus og stormande jubel i Rekstakjellaren. Kjellarlokala i den gamle skulen på Reksta var fylt til “bristepunktet”. Nærmare 90 personar hadde sessa seg ved langborda, som var dekka med heimebakte kaker, kaffi og saft.

Les meir og sjå bilde

Sommarbasar i sommarsol

Søndag 25. juli var ein strålande og etterlengta sommardag – og basaren i Rekstakjellaren vart ein strålande suksess! Sjølv om ikkje fullt så mange folk som tidlegare år fann vegen til det gamle skulehuset på indre Reksta – så vart det eit flott treffpunkt. I underkant av 50 små og store kosa seg med kaffi, kaker, saft og masse lodd!
Les meir!

Tusen takk for over 16 tusen til Rekstakjellaren

Kaker og lodd

Laurdag 18. juli gjekk den årlege sommarbasaren av stabelen i Rekstakjellaren. Som vanleg var det “stinn brakke”, og folk er svært ivrige etter å kjøpe lodd. Så takk til alle som støtta Reksta Ungdomslag med gevinstar, kaker og kjøp av lodd! Dette vart ei fin inntekt og ein triveleg ettermiddag, som skal gå til å halde det gamle skulehuset og danselokalet på Reksta i hevd.

Det er utruleg kjekt at så mykje folk stiller opp, og det ser ut som folk kosar seg. Drøsen går og kaffi og kaker + lodd går unna. Å treffe gamle kjente er minst like viktig som å vinne lubbar og krabbeteiner.

Ronny og Inger var årets basarfotografar.
Bla med piltasten i kanten av bilde:

Biletserie med 38 bilete — bla med å trykkje på pilene

Kva skjer på Reksta i sommar?

Ha ein skyfri sommar!

No er det ferietid, og det “aular” av blide sommarfjes overalt. Trur det er folk i bortimot alle hus og hytter på øya. Dugnadsaktivitetane tek likevel ikkje heilt ferie. Vi skal halde liv i bygdelag og forsamlingshus, og sommarferien er ei god tid for sosiale samvær som gjev litt klingande mynt i kassa.

Her nokre av dei sommaraktivitetane som skal gå føre seg her i sommar:

Ut på hausten skal det skal vere ei kurshelg i Rognaldsvåg med kunstnaren Gunilla M. Åkesson 11. – 13. september.