Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord blåmåne

Blue moon (o;

Fullmåne 2. desember 2009

I går 2. desember var det fullmåne, og her i huset hadde vi ein romantisk måneskinnstur opp til Likjevatnet på midtre Rekstafjellet. Vi hadde hauelykter på oss, men det var heilt unødvendig. Det var eit utruleg flott lys!

Vi har fullmåne 1 gong pr månad, dvs. 12 fullmånar i året – men i år er det eit unntak. Desember 2009 har nemleg 2 fullmånar, 2. og 31. desember. Fullmånen på nyttårsafta er den 13. i år og dermed ein “ekstramåne”. Dette blir kalla blåmåne eller blue moon! (Gml.engelsk: Belewe Moon = svikefull/forædersk måne).

Blåmånen kjem av at månesyklusane og kalenderåret ikkje går heilt opp. Det blir ca. 11 dagar i overskot kvart år, som til slutt lagar den 13. fullmånen kvart andre eller tredje år.

Blåmånen skal sjølvsagt ha ekstra magiske krefter i følgje visse kulturar, så då spørs det om det blir måneskinnstur på nyttårsafta i år???

Biletserie med 2 bilete — bla med å trykkje på pilene