Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord fly

Flystripe på Rekstavågen

Ein uvanleg farkost legg frå kai

Laurdag føremiddag kom ein ny farkost inn på Rekstavågen. Eit sjøfly landa rett sør om Klokkarneset og runda Dingelen inn til Rekstavågen. Der la det uvanlege transportmiddelet til ved flytebrygga til Markja og Tunet.

Det viste seg at dei heldige passasjerane Jakob, Andreas og Olav skulle på ein ekslusiv fyketur til Bergen. Etter at dei tre passasjerane hadde gått om bord la flyet frå kai, og fresa vestover langs Kytringsholmen. Dei letta fort og Ingebjørg stod småtrippande igjen på kaia. Turen skulle ta 45 minutt, og eg håpar dei kjem med ein liten rapport!

Bla med pila i høgre bildekant:

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene