Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord grader

Reksta Romjuls Laugarlag

Inga i svevet i Rekstavågjen

2. juledag hoppa Reksta Romjuls Laugarlag i sjøen for 10-ande gong på rad – med andre ord ein skikkeleg juletradisjon! Denne gongen vart det eit føremiddagsbad (før frukost) – med fleire tilskodarar enn badarar…

Det var 4 grader i sjøen, noko som er ny kulderekord! Det var faktisk eit reint damebad i år. Veit ikkje kva som gjorde det, men alle mannfolk hadde plutseleg så mange viktige oppgåve å gjere… somme skulle servere gløgg, mens andre hadde det travelt med fotografering og filming. Dette måtte jo gjerast skikkeleg sidan det er 10 års jubileum;)

Klikk deg gjennom bilda – tatt av ulike mannfolk(;
bruk pil i bildekant

Biletserie med 14 bilete — bla med å trykkje på pilene