Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord ide

Framtida til skulehuset?

Rognaldsvåg skule- og grendahus

Det har i nokre veker føregått ein storstila dugnad på skulen, kvar torsdag. Den held fram, så det er berre å møte opp torsdagar kl 19:00;) – eller snakk med Ingrid om evt. andre dagar.

Skuffer, skap og hyller m.m. er blitt rydda og vaska, men mykje står framleis att. Ein del gammalt “møl” har gått i bosset. Kjøkkenet og foajeen er reinska og golva er under boning. Her har Tom gjort ein kjempejobb. Neste rom som står for bonetur er gymsalen.

Kanskje vi kan få opp ein liten debatt her om framtidig bruk av skulen. For tida blir den brukt til trim, 4H møter og tilstellingar i regi av bygdelaget. Kva vil vi i framtida, og korleis skal vi halde oppe engasjementet for bygningen? Har du ein god idé?