Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord julegran

Julegrantenning og basarkos

I dag starta adventstida med julegrantenning på kaia i Rognaldsvåg. Etter at lysa var tende og treet hadde fått sin song – Du grøne glitrande tre goddag – rusla dei omlag 35 frammøte sambygdinga til skulen.

I det sure vêret var det godt å komme i hus til Olaug og Vivian sin varm gløgg! Så vart det julebrødskiver, pepperkaker, kaffi og drøs rundt borda. Alfred trakterte trekkspelet slik at vi fekk synge oss gjennom mange av julesongane. Nokre fekk til og med svinga dansefoten til musevisa :)

Kveldens høgdepunkt var åresal og trekking. Her var det alt frå frosne svineribber til serviettar og julenissar på premiebordet. Det er alltid nokon som vinn meir enn andre på basar – og slik var det sjølvsagt denne kvelden også. Evy og Simon var flinke gevinstutdelarar!

Takk til dei som stod for denne trivelege adventkvelden! Det er alltid kjekt med eit slikt uformelt treff, og som kjent så elskar alle her på øya basar!

Biletserie med 14 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julegrantenning og basar

Søndag 1. desember vert julegrana tent på kaia i Rognaldsvåg. Møt fram kl 17.00, og ver med å synge adventstida inn. (Klikk på plakaten til høgre).

Etter at juletrelysa er tende på kaia går vi opp til skulen, til eit triveleg førjulstreff. Her blir det allsong til trekkspelmusikk, og ein minibasar med flotte julepremiar :)

Bygdelaget Havglimt byr på julegløgg, kaffi og kaker – og kanskje kjem nissen???

Her kan du lese om julegrantenninga i 2011