Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord julekonsert

Julekonserten sette julestemninga på Reksta

Årets julekonsert samla kring 90 personar i Rognaldsvåg bedehus på sjølvaste julaftan. Her vart det ein times konsert som starta med operasong av Øystein Rambøl og Amanda Rosa.

Resten av konserten stod det lokale julekoret for. Her fekk folk høyre både tradisjonelle julesongar og nye innslag, som “Har du fyr” og nederlandsk barnesong.

Biletserie med 17 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julekonsert gir julestemning

Tradisjonen tru stilte “Julekoret” på Reksta opp med konsert og god julestemning i Rognaldsvåg bedehus på julaftan. Her samlast “alle” på øya, for å synge jula inn i lag med koret, og for å få den gode julestemninga på plass. Benkeradene i bedehuset var fyllt til randa i år, slik at galleriet måtte takast i bruk.
Les meir…

Julekonsertsuksess

Årets julekonsert i Rognaldsvåg bedehus på julaftan, vart ein ny suksess! Vi fekk servert dei tradisjonelle julesongane “Sjå tusen julelys” og “Det lyser i stille grender”, som fleirstemt og flott korsong.

Les meir og sjå bilde

Kva skjer på Reksta i jula og julestria?

Her er det som vanleg fullt program framover. Den førebelse juleaktivitetslista for 2011 på Reksta ser slik ut:

Les meir og sjå plakat…

Song julestemninga inn i Rognaldsvåg

Julekoret syng jula inn

På julaftan klokka 14.00 song “Julekoret Havglimt” jula inn i Rognaldsvåg bedehus. Tradisjonen tru stilte koret, med Holger Aasen i spissen, opp for å setje julestemninga på øya. Folk går så å seie “mann av husa” for å få med seg denne trivelege starten på julehelga.

Koret skuffa heller ikkje i år, og stilte med dei tradisjonelle julesongane, i tillegg til nokre nye innslag.

Les meir…