Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord juletre

Julegrana er klar for tenning

I dag er julegrana saga og sett opp på kaia i Rognaldsvåg. Grana er saga ved Langebakkjen og ein dugnadsgjeng fekk den på plass i foten, ved butikken på kaia.

Då er det berre å møte opp til julegrantenning på kaia kl 17 i morgong. Etterpå blir det kaffi, kaker og julegløgg + BASAR på skulen. Velkommen til eit triveleg førjulstreff!

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene

Kva skjer på Reksta i jula og julestria?

Her har du ei oversikt over alle dei planlage aktivitetane i juletida og julestria – kanskje dukkar det opp fleire:)

Juletrehogst hos nissen på Hågjen

Søndag 18. desember var alle invitert til sjølvhogst hos den rause nissen på Hågjen. Her fekk alle gå i skogen og hogge seg eit juletre,

Les meir og sjå bilde

Kva skjer på Reksta i jula og julestria?

Her er det som vanleg fullt program framover. Den førebelse juleaktivitetslista for 2011 på Reksta ser slik ut:

Les meir og sjå plakat…

Juletrehogst med julestemning

Mange tre å velje mellom

Årets juletrehogst gjekk unna i skikkeleg vintervêr i dag. Olav og Ingebjørg inviterte til hogst i skogen og graut på låven, og mange fann vintervegen til Hågjen. Etter at juletrea var ferdig hogne vart det servert gløgg og graut inne på låven. Det gjorde godt, for det var kaldt ute.

Plutseleg dukka det opp tre smånissar på spark – dei hadde hatt ein lang og strevsom tur frå Nordpolen, men var like blide:) Det var tre rause nissar som delte ut julegodt og mandarinar.

Dette er ein flott tradisjon – så takk til vertskap, nissar og grautkokarar!!

Bla deg gjennom bilda under:

Biletserie med 12 bilete — bla med å trykkje på pilene