Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord kvinneforeining

Aktivitetar med god plass

Etter at skulen vart lagt ned har aktiviteten dala – også på kveldstid – i huset. Det er no to faste aktivitetstilbod i skulehuset; sirkeltrening kvar måndag og kvinneforeining / klubb den siste tysdagen i månaden. Dette er trivelege samlingspunkt, med god plass til fleire! Det er berre å hive seg med :)

Sirkeltrening kvar måndag:
Vi startar kl 19.00 med oppvarming i 5 minutt. Etterpå skiftar vi rundt på 8 stasjonar, med mellom anna push up på matte, vekter, hoppetau, jogging på tjukkas m.m. – ei god blanding av styrke og kondisjon. Vi jobbar i eige tempo i eit minutt på kvar stasjon, og så har vi eit halvt minutt på å få pusten igjen og komme oss vidare til neste stasjon. Vanlegvis køyrer vi tre rundar på stasjonane før vi tøyer ut.

Kvinneforeining / klubbkveld:
Alle er hjarteleg velkomne til å ta med strikketøy og snakketøy, den siste tysdagen i månaden. Her blir det kaffi og litt å bite i, og sjølvsagt eit lite lotteri. Fint om folk har med tre små gevinstar og 30 kroner til å kjøpe lodd for. Vi skiftar på å ha ansvaret for kaffikoking og tilbehør. Her er eit glimt frå klubben

Foreiningskveldane er lagt inn på kalenderen her på sida. Det er berre å møte opp på skulen klokka 19.00 og bli med.
*Dei neste treffa blir: *
25. mars
29. april
27. mai
26. august

2.500 til Krisesenteret frå kvinnene på Reksta

Siste halve året har “Kvinneforeininga” her på øya samlast ein dag i månaden for å drøse, strikke, sy, lese, drøse litt til, le saman og kose seg. På kvar samling har vi eit lite lotteri, der vi får kjøpe ei fast kvote med lodd. Alle har med seg tre små gevinstar, og stemninga stig alltid litt ekstra under trekkinga.

Les meir

Tid for handarbeid

På denne tida av året har vi gode tradisjonar for å sitje inne framfor omnen og drive med forskjellig handarbeid. På Reksta vert desse tradisjonane heldne godt i hevd. Til og med på båten er det stor aktivitet med strikkepinnar.

Les meir