Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord likvikja

Vått og flott i Likvikja

Kor du enn snudde deg i Likvikja på Reksta i dag, så såg du regnkledde folk. Øyfolket trassa vêr og vind og stilte mannsterke opp til påska sitt høgdepunkt – natursti og grilling i Likvikja. Vi talde heile 90 frammøtte – og det må vi vere godt fornøgde med.

Alfred var tidleg på plass med tørr ved, og hadde fyrt opp tre flotte bål i fjæresteinane. Han serverte skikkeleg bålkokt kaffi til alle. Så var det berre for oss andre å finne fram pølsene og pinnane.

Dei 15 postane på veg til Likvikja vart løyste med liv og lyst – og vi fekk ikkje inn ein tørr kupong! Dei måtte omstendeleg tørkast framfor omnen, før svara kunne tydast og premilelista settast opp.

Her er fasiten på naturstien, i tillegg til dei 14 postane kunne ein oppnå 4 ekstra poeng med å kaste diverse ting opp i ei bøtte:

Biletserie med 7 bilete — bla med å trykkje på pilene

Her er topplista:

  • Team Hege i Garden, 13 poeng
  • Agnes Reksten, 12 poeng
  • Team Valvik, 11 poeng
  • Mass-Bendik Ø. Reksten, 11 poeng
  • Dina N. Kvellestad, 10 poeng
  • Team Lina Ø.R., 10 poeng
  • Linn Theres Svarthumle, 10 poeng
  • Team Garden (Siv), 10 poeng
  • Matias L. Sunde, 10 poeng
  • Team Nils Gunnar B., 10 poeng
Biletserie med 19 bilete — bla med å trykkje på pilene

Påsketrim til Likvikja

Tradisjonen tru blir det påsketrim med hjernetrim i Likvikja skjærtorsdag kl 12.

  • Natursti med 15 spørsmål
  • Bål i fjæra
  • Grilling
  • Kaffikos

Alle er hjarteleg velkomne!

Kva skjer i påska?

Her er dei viktigaste tinga som skal skje på Reksta i påska:

100 Likvikingar samla skjærtorsdag

Tradisjonen tru var det surt og kaldt vêr her på skjærtorsdag, og tradisjonen tru samla folk seg rundt båla i Likvikja. Omlag 100 barske vikingar trassa vêr og vind, tok med seg pølser og grillpinnar og gjekk naturstien frå aust eller vest mot Likvikja, som ligg på sørsida av Reksta.

Alfred hadde på vegne av bygdelaget Havglimt mura opp gruer og tent i fleire bål. Frå den eine grua lukta det herleg kokekaffi… Folk kosa seg med svidde pølser og tilbehør på denne årlege samlinga.

Ytterøyane hadde laga 15 spørsmål som måtte svarast på undervegs til Likvikja. Her var det mykje å bryne seg på, og mange ivrige konkurrentar – og sjølvsagt blir det premiar til dei flinkaste / heldigaste:)

Fasit på naturstien:

  • Silda som er under 1 år og under 12 cm heiter mussa
  • Silda som er 1,5 år og 13 – 19 cm blir kalla bladsild
  • Norges eldste fersvassfisk som var avbilda heiter ishavsrøye
  • Vindstyrken på 8 – 10,7 m/s er frisk bris
  • Når ein motorbåt og ein seglbåt møtest har motorbåten vikeplikt
  • Minste tillatte maskestorleik på trollgarn er 126 millimeter
  • Ole, Dole og Doffen heiter Tick, Trick und Track på tysk
  • Varden på bildet var på Blåkollen
  • Skjærtorsdag tyder reinsetorsdag
  • Månen på bildet var veksande
  • Brunalgen var sagtang
  • Kystplanten som eignar seg som krydderurt til drikke heiter pors
  • Fuglen på bildet var ei havsule
  • Påskeegga er produsert av Freia
  • På siste post kunne ein oppnå 3 poeng ved å kaste 3 plastdingar opp i ei bytte

Resultatliste natursti:
Barn 15 deltakarar:

  • Sander Dyre-Hansen, 11 poeng
  • Mass-Bendik Øygard Reksten, 11 poeng
  • Maja Øygard, 10 poeng
  • Dina (Rindemyra), 10 poeng
  • Henrik (Rindemyra), 10 poeng
  • Hedda (Garden), 10 poeng
  • Agnes (Garden),10 poeng

Vaksne 13 deltakarar:

  • Inga Øygard Reksten, 12 poeng
  • Åge Thunestvedt, 11 poeng
  • Vivian Norstrand, 10 poeng
  • Hans Jakob Sunde, 10 poeng

Familiar / Team, 10 lag:

  • Team Ottar, 13 poeng
  • SAMORA og faren:), 12 poeng
Biletserie med 20 bilete — bla med å trykkje på pilene

Velkommen til PÅSKEØYA :)

Tradisjonen tru er det fullt program her på Reksta i påska. Det er nesten så vi vaknar av vinterdvalen på denne tida kvart år… Hyttefolk og fastbuande strøymer til, og vil vere med på alt det kjekke som skjer her i påska.

Her er det “offesielle” påskeprogrammet for Reksta 2012:

Les meir om Påskeøya

Variert påskemeny på Reksta

Som vanleg er det stor aktivitet på Reksta i påska. Vi kan ikkje stile med høge fjelltoppar og skiføre, men derimot blomstrande påskeliljer og smålam på bøen! og sjølvsagt mange trivelege folk – og fisk i sjøen!!!

Påskeaktiviteten spenner frå gudsteneste i bedehuset til pub i skulehuset, og innimellom der får du påsketrim til Likvikja og deilig heimebakst på kafé:

Les meir