Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord splint

Eg var på eit flott arrangement på Kystmuseet torsdag kveld. Der var tema “Dei båtreisande”, eller “Splinten”, som dei blei kalla heromkring. Det kom fram at dei mest kjende splintane i Florø var Adolf (1892-1967) og Fredrikka (1875-1964), og sonen Oluf. Eg har høyrt historier om dei her ute óg. Reknar med det er fleire som har forskjellig liggande som var kjøpte av dei – eller andre reisande. Kystmuseet er interessert i å låne ting og bilde, og å høyre historier om dette temaet.

Dette bildet var på trykk i Firdaposten i samband med ein artikkel om dei to i september 2000. Foto M. Horne 1953.