Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord storbeist

Siste kyrne har reist frå Reksta

Måndag 26. oktober reiste dei siste kyrne frå Reksta. Eg reknar med her har vore storbeist på øya sidan folk sette seg til med husdyrbruk her. Dei siste kyrne som reiste til “dei evige jaktmarker” i Førde var av den gamle urrasen Vestlandsk Fjordfe. Haugrosa og Svartrosa i lag med to store oksar og ein sommarkalv vart henta på tunet, og køyrt med dyretransport om bord i Øyservice og vidare innover.

For oss er det ei ny tidsrekning. Det var nemlig ikkje berre dei siste storbeista som reiste herifrå. Vi avslutta og eit over hundreårig prosjekt med sjeviotsauer. Dei fyrste av denne rasen kom frå England til Norge kring 1860, og her på kysten har dei helde stand i 150 år! No er vi tilbake til den endå eldre norske sauerasen – gammal norsk sau eller villsau som vi seier. I vinter har vi kring 130 villsauer, som skal beite på lyng og anna mark. Vi føretrekk å ha dei spake så vi har dagleg kontakt med dei ikkje fullt så ville villsauene…