Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord stupebrett

Jonsokfeiring og stupebrettopning

JONSOKBÅL

Jonsokfeiringa samla over 70 store og små på kaiområde i Rognaldsvåg. Det heile starta kl 20, med tenning av bål på moloa og opning av det nylaga stupebrettet. Ole-Eirik og Dina innvigde det flotte stupebrettet til stor jubel frå alle frammøtte.

Bålet var laga til ved varden ytst på moloa. Inne på kaiområdet hadde bygdelaget Havglimt rigga til ein stor grill, og spanderte grillmat og drikke til alle frammøtte. Tom var guten i røyken, og regjerte i grillen. Han sørga for at alle vart metta med kotelettar, pølser, potetsalat og salat – godt jobba!

Kveldssola og jonsokbålet varma oss til langt på kveld – og folk kosa seg på kaikanten. Sjå bilde under – bla deg fram med pila i bildekanten:

Biletserie med 24 bilete — bla med å trykkje på pilene

Dugnad på sjø og land

Stupebrett med havutsikt

Laurdag 2. mai var det stordugnad i Rognaldsvåg. Totalt 17 personar jobba på for at skulen og skuleplassen skulle bli ryddig og fin til alle festdagane i mai. Boss vart plukka, lagerrom vart tømt for gammalt skrot, sceneteppe fiksa, flaggstanga gjort klar for vårpuss og inngangspartiet til ballbingen grusa.

Elektrikar var på plass og la fram straum for bubilturistar, som til sommaren kan få campere på skuleplassen.

Ved moloa i hamna var det stor aktivitet. Der var ein gjeng i arbeid med å blande og støype fundament til stupebrett. Så då er det meste klart til badesesongen snart startar.

Bruk pila og bla deg frå bilde til bilde.

Biletserie med 18 bilete — bla med å trykkje på pilene