Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord trim

Aktivitetar med god plass

Etter at skulen vart lagt ned har aktiviteten dala – også på kveldstid – i huset. Det er no to faste aktivitetstilbod i skulehuset; sirkeltrening kvar måndag og kvinneforeining / klubb den siste tysdagen i månaden. Dette er trivelege samlingspunkt, med god plass til fleire! Det er berre å hive seg med :)

Sirkeltrening kvar måndag:
Vi startar kl 19.00 med oppvarming i 5 minutt. Etterpå skiftar vi rundt på 8 stasjonar, med mellom anna push up på matte, vekter, hoppetau, jogging på tjukkas m.m. – ei god blanding av styrke og kondisjon. Vi jobbar i eige tempo i eit minutt på kvar stasjon, og så har vi eit halvt minutt på å få pusten igjen og komme oss vidare til neste stasjon. Vanlegvis køyrer vi tre rundar på stasjonane før vi tøyer ut.

Kvinneforeining / klubbkveld:
Alle er hjarteleg velkomne til å ta med strikketøy og snakketøy, den siste tysdagen i månaden. Her blir det kaffi og litt å bite i, og sjølvsagt eit lite lotteri. Fint om folk har med tre små gevinstar og 30 kroner til å kjøpe lodd for. Vi skiftar på å ha ansvaret for kaffikoking og tilbehør. Her er eit glimt frå klubben

Foreiningskveldane er lagt inn på kalenderen her på sida. Det er berre å møte opp på skulen klokka 19.00 og bli med.
*Dei neste treffa blir: *
25. mars
29. april
27. mai
26. august

Ny rekord i Likvikja

Bålkos i Likvikja…

Tradisjonen tru var det påsketrimtur til Likvikja – på sørsida mellom ytre Reksta og Rognaldsvåg – i dag. Det er tiande året på rad at Ytterøyane 4H i samarbeid med Bygdelaget Havglimt arrangerar treff i Likvikja på skjærtorsdag. I dag var 120 personar samla rundt båla i Likvikja – og det må vere ny rekord:)

På veg til Likvikja fekk ein gratis hjernetrim, ved å svare på dei 15 postane på naturstien. Det vart servert rykande nykokt kaffi frå bålet, og folk hadde med seg grillmat. Svartsvidde pølser og marsmallows gjekk ned på høgkant i fjæresteinane.

Rundt 80 personar leverte svar på naturstitevlinga, og her dei rette svara:

  1. 1. påskedag fell på 1. søndag etter 1. fullmåne etter vårjamdøgn
  2. Fjellet på Vestkapp heiter Kjerringa
  3. Sjømerket var eit midtgrunnsmerke
  4. Når ein styrer mot ei fyrlykt skal ein gå i kvit sektor
  5. Påskeøya vart oppdaga 1. påskedag
  6. Skjærtorsdag tyder “renselsetorsdag”
  7. Det var 257 Non Stop i glaset
  8. Å reise kjerringa kjem av å reise den største masta
  9. Sjømerka var båke
  10. Nevøen til Langbein heiter Ferdinand
  11. Torsken brukar sjegget til å smake og føle seg fram til maten
  12. Hjortetakksalt er eit slags bakepulver opphavleg laga av hjortegevir
  13. Den raude pila på kompasset viser retninga mot det magnetsike Nordpolen
  14. Rognaldsvåg bedehus vart vigsla i 1913
  15. Steinen vog 635 gram

Høgste poengsum ein kunne oppnå var 15, og desse hadde flest rette svar:

Born 31 deltakarar:

  • Håvard Frøyen 13 poeng
  • Dina Kvellestad 13 poeng
  • Dina Korneliussen 11 poeng

Vaksne 22 deltakarar:

  • Marie Frøyen 14 poeng
  • Inga Ø. Reksten 13 poeng
  • Lars Erik Reksten 13 poeng

Familie 6 familiar / minst 24 personar:

  • Nygård (Ottar +) 14 poeng
  • Knapstad (Malvin +) 12 poeng

Godt jobba!

Biletserie med 13 bilete — bla med å trykkje på pilene

S(n)irkeltrening

trim

Kvar einaste måndag kl 19.30 samlast ein gjeng i Rognaldsvåg skule, og trimmar i lag i ca 1 time. Her er det plass til fleire! Opplegget er slik at vi går tre runder på 7 ulike øvingar. Vi brukar 1 minutt og 10 sekund (tidsur) på kvar øving og pustar litt mellom kvar gong. Øvingane utfører ein i eige tempo! Øvingane er varierte og vi tek føre oss både rumpe, rygg, armar, lår og mage… i tillegg til kondisjon.

Til dags dato har vi ikkje sett eit einaste mannfolk på treningane, sjølv om dette er ope for alle. Så vi spør berre: Kvar er alle mannfolka? Mann dåkke opp og bli med på eit sosialt og nyttig tiltak. Vi garanterar ingen superslankeeffekt, men du får heilt sikkert betre puls og samvit;) Måndag kl. 19.30 altså!