Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane
Markedsfør bygda med trivselEg kom over denne fine Reksta-sona i går. Ikkje berre er den fin, men virker som om det er ei nyttig sone som samlar godt lokalt stoff for de som bur på Reksta. På Origo har vi laga ei sone som heiter Trivselsbygda. Der samlar vi folk frå 4H, Bygdekvinnelaget og Norges Bygdeungdomslag som jobbar med å skapa meir engasjement og trivsel i bygda si. Dei arrangementa på Origo som er markert med stikkordet trivsel dukkar då opp i eigen trivselskalender. Denne trivselskalenderen har vi lyst å vise fram for enda fleire og vise at det er bra å bu i bygd og land. Alt du treng å gjere er å markere passande arrangement med stikkordet trivsel i kva som helst sone og etter ein halvtime vil arrangementet også dukke opp i kalenderen i Trivselsbygda. Dersom du har lyst til å bli medlem i Trivselsbygda, er du også hjartleg velkommen inn i varmen. Der delar vi tips til å få meir liv i bygda! Annonse | |||||||||||