Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord tur

Onsdagstur over Reksta

- Dette var fantastisk flott! – For eit fint turterreng! – Eg er jammen glad eg blei med på denne turen! Slike tilbakemeldingar fekk vi etter at 33 turglade Sunnfjordingar var med og gjekk Reksta på langs i ettermiddag.

Det var Flora Turlag sin onsdagstur som gjekk frå Selvåg i aust til Rognaldsvåg i vest – over Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet. Vi brukte i underkant av 3 timar på turen og i følge turappen gjekk vi 7 km og til saman 550 høgdemeter opp og ned. På alle toppane er det turbøker, som fekk mange nye namn i dag, og kanskje blir det ein gevinst på ein av dei som skreiv seg i “manntalet”.

Nokre få av turgåarane valde å gå “Sunnivaleia” langs sjøen på sørsida, frå indre Reksta til Rognaldsvåg. Alle hadde matpause undervegs, men då vi kom vest til Rognaldsvåg var det godt å komme i hus og i livd for ein forholdsvis kald nordavind.

Hans Jakob og Ingrid serverte nysteikte vaflar og kaffi i Ingrids hjørne, og i tillegg kunne turgåarane leske seg med is og anna godteri frå butikken. Nærmare kl 21 tok dei tilreisande rutebåten inn igjen til fastlandet – etter nok ein vellukka tur frå våg til våg.

Biletserie med 19 bilete — bla med å trykkje på pilene

Nytt år - nye turmuligheiter

Januar er tida for dei gode forsetta. For dei fleste betyr det eit mål om å bevege seg meir. Her på Reksta er det utruleg mange måtar å gjere dette på. Det er tre toppar med turbøker, der du kan registrere aktiviteten, og attpåtil vinne premie om du er heldig og ivrig nok.

Les meir og sjå bilde

All time high - Reksta på langs

Så langt i år har rundt 170 personar gått Reksta på langs, frå Selvåg til Rognaldsvåg. Signe Nordvik og Flora Turlag har lagt sin elsk på turløypene og øya, og hittil i år er det organisert 5 turar her:

Les meir og sjå foto

Reksta på langs - på ut.no

Å gå Reksta på langs, anten over eit, to eller tre fjell – eller langs sjøen er blitt populært. Flora Turlag har lagt to av sine onsdagsturar ut her i år (og dei siste åra). Sjå flotte bilde her. I tillegg arrangerte kommunen turen for sine tilsette tidleg i vår, og Helse Førde har hatt to turar no i juni. Flora Turlag arrangerer neste Rekstatur onsdag 26. juni, frå Selvåg til Rognaldsvåg.

Ytterøyane 4H har rydda og merka stiane, slik at det er lett å finne fram, og stiane er godt opptrakka. I tillegg er sørsida frå Selvåg til Rognaldsvåg – langs sjøen – merka som pilegrimsruta “Sunnivaleia”. Det ligg turbøker på Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet.

Begge turane Reksta på langs – trefjellstur og Reksta på langs – pilegrimsturen Sunnivaleia ligg no ute på nettsida ut.no.

Gå til ut.no og søk på Reksta så finn du turbeskriving og kart. God tur!

Flott tur i Trollhola

Tenk om vi blir her…

Onsdag 19. mai hadde vi ein fantastisk flott tur i Trollhola på nordsida av Reksta. Gjengen i Ytterøyene 4H hadde utrusta seg med tau og sjaklar, og Ole hadde gjort alt klart for den store nedstiginga – til det aller innerste av Trollhola. Vi var ikkje så veldig godt utstyrt med sikringsutstyr – så det var kanskje ein fordel at ikkje foreldra såg på klatreaktivitetane;)

Det måtte ein del klatring til, og Ole hadde rigga til med tau med mange knutar på. Ein og ein klatra ned, og Ole stod i botnen og tok i mot. Siste delen av nedstiginga er eit overheng – og her var det ikkje så enkelt – verken ned eller opp….men etter nokre forsøk kom vi alle begge vegar.

Vi starta turen frå toppen av Langebakkjen og inn til Trollhola. På heimvegen delte vi oss – slik at nokre av oss gjekk sørover til Selvågen og indre Reksta, mens resten av gjengen gjekk i Lendingen – og vidare vestover i båt.

Bla deg gjennom bilda under:

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene

Reksta rundt - frå våg til våg

Ingrid i flott stil;)

Reksta sitt svar på Tour de Ski, Tørr du Ski – Reksta rundt, vart ein suksess til tross for skremmande vêrmeldingar – og sjølv om mange av øyas unge håpefulle var vekke på 4H-kurs og skuleball.

Vi var 9 glade skigåarar som gjorde Reksta frå våg til våg på ski laurdag 16. januar. Både Rognaldsvåg og Selvåg fekk besøk av kompaniet, som bana seg skiløype over snødekte lyngheiar, mellom einebusker, steinurar, fjæresteinar og på asfalterte vegstubbar. Smøretipset var klart i mildvêret, her stod valet mellom raud klister og saueperler som låg strødde rundt løypa. Ein strålande kombinasjon som gav god gli over Rindemyrshøgda.

Skituren på litt over 1 mil vart gjennomført på rundt 5 timar, inklusiv ei god pølsepause ved Trollhola. Dei fyrste starta på indre Reksta kl 10 om føremiddagen og så hengde folk seg på etterkvart som vi passerte ytre Reksta, Rognaldsvåg, Rindemyra og Vasshogane. Det var ein flott tur med små og store utfordringar, i eit skiftande terreng med skiftande snø. No er løypa oppgått – så det er berre spenne på seg skia. God tur!

Vi har dokumentert den flotte skituren undervegs, klikk deg frå bilde til bilde:

Biletserie med 27 bilete — bla med å trykkje på pilene

Torsdag 24. september var Ytterøyane 4H på tur i Storeåsen

Krigshistorie i Storeåsen

På veg opp Storeåsen

Torsdag ettermiddag hadde medlemar og foreldre i Ytterøyane 4H ein utruleg spennande og lærerik tur i Storeåsen. Kim Gunnar Jensen i Flora krigshistorielag møtte oss i bunkersen ved stadion, rett etter skuletid. Vi starta med pizza og brus, medan Kim fortalde oss om historia til den store bunkersen vi sat inn i. Her har det vore både feltsjukehus og sambandsstasjon, fekk vi høyre.

Kim Gunnar fortalde mykje spennande og viktig historie, og vi fekk sjå både bilde og ting som gjorde historia meir forståeleg for alle oss som lever fjernt frå krigshistoria vår. Både medlemar og foreldre hadde mykje å lære og Kim svarte på alle spørsmål.

Turen opp i Åsen gjekk innom to bunkersar og ein tunnel i fjellet, før vi enda på utkikkspunktet – over ein bunkers. Både vaksne og ungar var fascinert av historia og ein god historieformidlar. Denne turen med Kim Gunnar bør ”alle” få med seg!

Bla deg gjennom bilda her:

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene

63 gjekk Reksta på langs

Harefjellet 218 moh.

Flora turlag arrangerte onsdagsturen Reksta på langs 24. juni – og heile 63 personar fekk ei flott tur i strålande turvêr. 55 turgåarar kom ut med Øyservice kl 16.30 og i lag med dei lokale som deltok på turen talde den lange rekka med folk heile 63 spreke turgåarar + 3 hundar.

Turen starta med opptur frå Fjellsenden mot Harefjellet på 218 moh. Der fekk alle ei velfortjent matpause og ei strålande utsikt. Martin Hauge som var turleiar orienterte om alle øyar og fjell vi såg rundt oss. Alle skreiv seg i turboka, før turen gjekk austover og ned i Råsa.

Frå Råsa gjekk turen sørover til ytre Reksta og vidare austover på sørsida til gamleskulen / Rekstakjellaren. Her var det tid for ny matpause, og mimring om gamle dansefestar i Rekstakjellaren.

Siste etappen gjekk over Storefjellet / indre Rekstafjellet. Her ligg varden på 173 moh. og igjen var det tid for turboksignering. Turen ned til Selvågen, som er austre enden av Reksta, gjekk kjapt unna. Der var det tid for ein dukkert før turen gjekk inn igjen til byen med Øyservice.

Bla deg gjennom bilda med pila i bildekanten:

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene

Ytterøymeisterane i Humrevikja

Vi oppdagar stadig nye flotte turmål, når vi er ute på tur med Ytterøyane 4H. Onsdags kvelden hadde gjengen ein fantastisk flott tur på sørvestre sida av Reksta. Vi skulle gå i Grindaneset, men det viste seg at vi enda opp i Humrevikja – så lærte vi eit nytt lokalt namn óg. Her arrangerte vi Ytterøymeisterskap i 3 ulike greiner – inspirert av “Mesternes mester”.

Mary og eg hadde med oss ein utruleg engasjert gjeng, som viste stor vilje til lagånd!. Det vart fyrst konkurrert i seljefløytespikking. Dei 3 laga spikka og spikka så flisane og bloddråpane fauk i over ein time, og omsider høyrte vi fløytelyd – til stor jubel! Høyr på Olai sitt fløytespel:

Neste post i meisterskapen var vassause stafett. Kvart lag skulle fylle ei bøtte som stod langt inne på land, med eit ausekar. Innsatsvilje var formidabel, og dei fleste var våte til skinnet når kampen var over.

Etter tomasuppe koking var det klart for siste runde, som var vardebygging. Laga la opp litt forskjellig strategi, og det vart tre flotte og kreative vardar. Målet var fyrstemann til 1 meter, og etter godt lagarbeid og djup konsentrasjon vart meisterlaget kåra også i denne greina.

Det vart ein veldig kjekk aktivitetsdag, som hadde passa like godt for vaksne som for dei 12 medlemane i Ytterøyane som var med. Vi var dessutan så heldige at dei tre laga vann kvar si grein i meisterskapen:) Så absolutt ein suksess til gjentaking!

Sjå også www.ytteroyane.no
Bruk pila i bildekanten og klikk deg frå bilde til bilde:

Biletserie med 16 bilete — bla med å trykkje på pilene

Ny rekord i Likvikja

Bålkos i Likvikja…

Tradisjonen tru var det påsketrimtur til Likvikja – på sørsida mellom ytre Reksta og Rognaldsvåg – i dag. Det er tiande året på rad at Ytterøyane 4H i samarbeid med Bygdelaget Havglimt arrangerar treff i Likvikja på skjærtorsdag. I dag var 120 personar samla rundt båla i Likvikja – og det må vere ny rekord:)

På veg til Likvikja fekk ein gratis hjernetrim, ved å svare på dei 15 postane på naturstien. Det vart servert rykande nykokt kaffi frå bålet, og folk hadde med seg grillmat. Svartsvidde pølser og marsmallows gjekk ned på høgkant i fjæresteinane.

Rundt 80 personar leverte svar på naturstitevlinga, og her dei rette svara:

  1. 1. påskedag fell på 1. søndag etter 1. fullmåne etter vårjamdøgn
  2. Fjellet på Vestkapp heiter Kjerringa
  3. Sjømerket var eit midtgrunnsmerke
  4. Når ein styrer mot ei fyrlykt skal ein gå i kvit sektor
  5. Påskeøya vart oppdaga 1. påskedag
  6. Skjærtorsdag tyder “renselsetorsdag”
  7. Det var 257 Non Stop i glaset
  8. Å reise kjerringa kjem av å reise den største masta
  9. Sjømerka var båke
  10. Nevøen til Langbein heiter Ferdinand
  11. Torsken brukar sjegget til å smake og føle seg fram til maten
  12. Hjortetakksalt er eit slags bakepulver opphavleg laga av hjortegevir
  13. Den raude pila på kompasset viser retninga mot det magnetsike Nordpolen
  14. Rognaldsvåg bedehus vart vigsla i 1913
  15. Steinen vog 635 gram

Høgste poengsum ein kunne oppnå var 15, og desse hadde flest rette svar:

Born 31 deltakarar:

  • Håvard Frøyen 13 poeng
  • Dina Kvellestad 13 poeng
  • Dina Korneliussen 11 poeng

Vaksne 22 deltakarar:

  • Marie Frøyen 14 poeng
  • Inga Ø. Reksten 13 poeng
  • Lars Erik Reksten 13 poeng

Familie 6 familiar / minst 24 personar:

  • Nygård (Ottar +) 14 poeng
  • Knapstad (Malvin +) 12 poeng

Godt jobba!

Biletserie med 13 bilete — bla med å trykkje på pilene

Holetur er spennande!

Øvre Byrgjehellaren

Søndag var ein heil gjeng på tur til Kinn. Kystmuseet arrangerte tur til Byrgjehellarane på utsida av Kinnaklova, med arkeolog. Det var spennande å høyre om busetnad og myter knytt til slike holer.

På Kinn er det mange funn knytt til steinalderen og det er fascinerande å tenke på kva liv som har utspelt seg her for nokre tusen år sidan. Uansett så fekk vi ei flott oppleving i eit etterkvart friskt og fint vêr!

Sjå bilde frå turen:

Biletserie med 6 bilete — bla med å trykkje på pilene

Pokerhola - verdt eit besøk!

Pokerhola

I kveld var vi 19 små og store som hadde oss ein fin tur til Pokerhola. Planen var å gå i Likvikja, men på grunn av vinden trakk vi opp under fjellet til Pokerhola. Her er det ein fantastisk flott plass med bord og benkar bygd av stein.

Her sat ungdomane (og kanskje gamlekarane?) i gamle dagar og spelte kort om søndagane. Truleg var dette ein fin plass å møtest på laurdagskveldane óg… Her sit ein i fred for innsyn, og har eit utruleg flott utsyn mot sør og vest. I kveld såg vi godt Lorang C masta i Bulandet.

Vi kokte tomatsuppe på den supergode og raske primusen som Ytterøyane 4H har investert i. Vinden kjente vi ikkje noko til, så vi kunne godt hatt levande lys på det flotte steinbordet… det får bli ein annan kveld.

Biletserie med 8 bilete — bla med å trykkje på pilene

Arsen - eit nyoppdaga turmål

Bålgeneralane Ingebjørg og Lars Erik

For andre gong på under 1 månad har vi i Ytterøyane 4H arrangert kveldstur til Arsen på ytre Reksta. Arsen er ein dal med store steinblokker rett nord for Andreasbautaen, og vestapå “Svenskehytta”. Her er det fint å brenne bål og spennande boltreplass for nysgjerrige og yre ungar. Det er store holrom under steinhellene å gøyme seg i, og mange utfordrande klatreplassar.

Ingen kan forklare kva namnet Arsen kjem av – men kanskje er det nokon der ute som veit??? Ingebjørg fortel at når dei var små vart dei trua med at dei måtte flytte til ho Marthe i Arsen om dei ikkje åt opp maten… men det var ingen Marthe i Arsen på den tida…

I dag var vi 20 personar som reiv oss laus frå sofaen og hadde ein flott mørketur i lavande snø på sørsida av Reksta. Vi gjekk på ski og bein frå Rognaldsvåg, og brukte i underkant av ein halv time fram til Arsen. Der hadde bålgeneralane Lars Erik og Ingebjørg gjort klart med bål og faklar – stemningsfullt! Vi steikte tacolefser med pepperonipølse, tomatbønner og ost (NAM!) og herlege svidde pølser m/pinnebrød på bålet + at vi sjølvsagt kosa oss med kakao.

Etter mykje basing i snøen – og lausprat rundt bålet – var det ein godt trøytt gjeng (9 vaksene og 11 ungar) som rusla heimover i mørkret. Det var mange hauelykter på vandring forbi Likvikja i kveld…

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Kjempeflott måneskinnstur på Harefjellet!!!

Månelyst:)

I kveld gjekk vi ein gjeng på 9 personar – 3 vaksne og 6 ungar – på måneskinnstur til varden på Harefjellet. Vi start 18.30, og då snøa det faktisk – og månen gøymde seg litt bak ei sky. Då vi nærma oss toppen slutta det å snøe – og månen skein på sitt flottaste!

Det var ein super tur, med flott månelys:) Vi hadde berre 4 lykter med oss på vegen, og det var godt å ha i enkelte parti – elles var det eigentleg lyst og fint!

På toppen tente vi lys på varden og alle skreiv seg i boka. Så var det ein kort rast med kakao og varm saft, før vi vende nasa ned igjen. Vi brukte ein god 1 time på heile turen. I morgon blir det tur til Likjevatnet på midtre Rekstafjellet- sjå kalendar. Så det er berre å pakke skøytene og komme!

Biletserie med 3 bilete — bla med å trykkje på pilene

Reksta på langs

16.08.2008

Vi har utruleg mange turalternativ på Reksta. I fjor sommar var vi ein gjeng som følgde Flora Turlag på onsdagstur Reksta på langs. Då gjekk vi frå Rognaldsvåg, over Harefjellet og innover i “Råsa”. Derifrå gjekk nokre langs sjøen vidare austover mens halvparten gjekk over Midtfjellet og ned igjen i Skaret på indre. Så gjekk vi vidare langs sjøen til Langevikja og Selvågen der vi bada i sjøen. Florøfolket tok kveldsruta heim igjen frå Selvågen.

Det var ein fantastisk flott tur i strålande vêr. Turlaget har difor sett opp turen i år igjen, som onsdagstur. Så sett av onsdag 24. juni til turen Reksta på langs. I år vil eg føreslå at vi hoppar over Midtre Rekstafjellet, og går langs sjøen her, og så avsluttar vi med Storefjellet. Det er litt bratt opp, men ein lett sti å gå og ei fantastisk utsikt!