Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord turbok

Onsdagstur over Reksta

- Dette var fantastisk flott! – For eit fint turterreng! – Eg er jammen glad eg blei med på denne turen! Slike tilbakemeldingar fekk vi etter at 33 turglade Sunnfjordingar var med og gjekk Reksta på langs i ettermiddag.

Det var Flora Turlag sin onsdagstur som gjekk frå Selvåg i aust til Rognaldsvåg i vest – over Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet. Vi brukte i underkant av 3 timar på turen og i følge turappen gjekk vi 7 km og til saman 550 høgdemeter opp og ned. På alle toppane er det turbøker, som fekk mange nye namn i dag, og kanskje blir det ein gevinst på ein av dei som skreiv seg i “manntalet”.

Nokre få av turgåarane valde å gå “Sunnivaleia” langs sjøen på sørsida, frå indre Reksta til Rognaldsvåg. Alle hadde matpause undervegs, men då vi kom vest til Rognaldsvåg var det godt å komme i hus og i livd for ein forholdsvis kald nordavind.

Hans Jakob og Ingrid serverte nysteikte vaflar og kaffi i Ingrids hjørne, og i tillegg kunne turgåarane leske seg med is og anna godteri frå butikken. Nærmare kl 21 tok dei tilreisande rutebåten inn igjen til fastlandet – etter nok ein vellukka tur frå våg til våg.

Biletserie med 19 bilete — bla med å trykkje på pilene

Nytt år - nye turmuligheiter

Januar er tida for dei gode forsetta. For dei fleste betyr det eit mål om å bevege seg meir. Her på Reksta er det utruleg mange måtar å gjere dette på. Det er tre toppar med turbøker, der du kan registrere aktiviteten, og attpåtil vinne premie om du er heldig og ivrig nok.

Les meir og sjå bilde

3 fjellstur på Reksta

Reksta på langs med Flora Turlag gjekk av stabelen i yrande regn, som onsdagstur 8. august. 25 turgåarar kom på land i Selvåg med fireruta. Der venta det 11 lokale turgåarar, slik at det tilsaman var 36 personar som fullførte turen. Dette er andre gongen i år at turlaget arrangerar denne turen. I slutten av juni gjekk turen unna i strålande sol og 40 turgåarar, utan at alle som ville fekk plas på båten den gongen.

Les meir og sjå bilde

Turbok på Vasslifjellet og Storefjellet

No er det komt turbok på Vasslifjellet, ved Likkjevatnet. Det er merka sti frå toppen av Langebakkjen / Skaret, og herifrå er det fint å gå opp til vatnet. Der boksen med turboka ligg på Vasslifjellet er høgda omlag 155 moh. På Storefjellet ligg turboka inne i ein vasstett pose inne i varden, 174 moh. Her er det berre å lette av toppsteinen så finn du boka.

Les meir og sjå bilde