Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord ungdomslag

Sommarsol og vinnarlukke

Laurdag 12. juli var ein strålande sommardag – og basaren i Rekstakjellaren vart ein strålande suksess! Det flotte vêret gjorde truleg sitt til at ikkje fullt så mange som tidlegare år fann vegen til det gamle skulehuset på indre Reksta. Vi var likevel mange som kosa oss med kaffi, kaker, saft og masse lodd!

Det var god gammaldags basarstemning med åresal og trekking av gevinstar i alle storleikar og fasongar. Her gjekk folk lukkelege heim igjen etter eit par timars drøs – med alt frå heimespøta lubbar, huer og vottar til flytedressar og flugepisker “under armen”.

På basaren trekte vi og ut 4 heldige turgåarar som har skrive seg i bøkene på Vasslifjellet og Storefjellet – dei fekk kvar sitt gåvekort på sportsutstyr. Turaktiviteten har vore stor med til saman over 800 namn i turbøkene sidan basaren i fjor!

Basaren gav Reksta Ungdomslag heile 17.000 i kassa, og det er vi kjempefornøgde med! Pengane skal gå til vedlikehald av Rekstakjellaren – i tillegg til straumrekning og forsikring av bygget.

Reksta Ungdomslag takkar alle som stilte opp med gevinstar, kaker og vinnarlukke;) – slik at denne årlege tradisjonen er kjekk å halde på med!

Biletserie med 10 bilete — bla med å trykkje på pilene