Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord ut

Onsdagstur over Reksta

- Dette var fantastisk flott! – For eit fint turterreng! – Eg er jammen glad eg blei med på denne turen! Slike tilbakemeldingar fekk vi etter at 33 turglade Sunnfjordingar var med og gjekk Reksta på langs i ettermiddag.

Det var Flora Turlag sin onsdagstur som gjekk frå Selvåg i aust til Rognaldsvåg i vest – over Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet. Vi brukte i underkant av 3 timar på turen og i følge turappen gjekk vi 7 km og til saman 550 høgdemeter opp og ned. På alle toppane er det turbøker, som fekk mange nye namn i dag, og kanskje blir det ein gevinst på ein av dei som skreiv seg i “manntalet”.

Nokre få av turgåarane valde å gå “Sunnivaleia” langs sjøen på sørsida, frå indre Reksta til Rognaldsvåg. Alle hadde matpause undervegs, men då vi kom vest til Rognaldsvåg var det godt å komme i hus og i livd for ein forholdsvis kald nordavind.

Hans Jakob og Ingrid serverte nysteikte vaflar og kaffi i Ingrids hjørne, og i tillegg kunne turgåarane leske seg med is og anna godteri frå butikken. Nærmare kl 21 tok dei tilreisande rutebåten inn igjen til fastlandet – etter nok ein vellukka tur frå våg til våg.

Biletserie med 19 bilete — bla med å trykkje på pilene

Nytt år - nye turmuligheiter

Januar er tida for dei gode forsetta. For dei fleste betyr det eit mål om å bevege seg meir. Her på Reksta er det utruleg mange måtar å gjere dette på. Det er tre toppar med turbøker, der du kan registrere aktiviteten, og attpåtil vinne premie om du er heldig og ivrig nok.

Les meir og sjå bilde

Ytterøymeisterane i Humrevikja

Vi oppdagar stadig nye flotte turmål, når vi er ute på tur med Ytterøyane 4H. Onsdags kvelden hadde gjengen ein fantastisk flott tur på sørvestre sida av Reksta. Vi skulle gå i Grindaneset, men det viste seg at vi enda opp i Humrevikja – så lærte vi eit nytt lokalt namn óg. Her arrangerte vi Ytterøymeisterskap i 3 ulike greiner – inspirert av “Mesternes mester”.

Mary og eg hadde med oss ein utruleg engasjert gjeng, som viste stor vilje til lagånd!. Det vart fyrst konkurrert i seljefløytespikking. Dei 3 laga spikka og spikka så flisane og bloddråpane fauk i over ein time, og omsider høyrte vi fløytelyd – til stor jubel! Høyr på Olai sitt fløytespel:

Neste post i meisterskapen var vassause stafett. Kvart lag skulle fylle ei bøtte som stod langt inne på land, med eit ausekar. Innsatsvilje var formidabel, og dei fleste var våte til skinnet når kampen var over.

Etter tomasuppe koking var det klart for siste runde, som var vardebygging. Laga la opp litt forskjellig strategi, og det vart tre flotte og kreative vardar. Målet var fyrstemann til 1 meter, og etter godt lagarbeid og djup konsentrasjon vart meisterlaget kåra også i denne greina.

Det vart ein veldig kjekk aktivitetsdag, som hadde passa like godt for vaksne som for dei 12 medlemane i Ytterøyane som var med. Vi var dessutan så heldige at dei tre laga vann kvar si grein i meisterskapen:) Så absolutt ein suksess til gjentaking!

Sjå også www.ytteroyane.no
Bruk pila i bildekanten og klikk deg frå bilde til bilde:

Biletserie med 16 bilete — bla med å trykkje på pilene

Holetur er spennande!

Øvre Byrgjehellaren

Søndag var ein heil gjeng på tur til Kinn. Kystmuseet arrangerte tur til Byrgjehellarane på utsida av Kinnaklova, med arkeolog. Det var spennande å høyre om busetnad og myter knytt til slike holer.

På Kinn er det mange funn knytt til steinalderen og det er fascinerande å tenke på kva liv som har utspelt seg her for nokre tusen år sidan. Uansett så fekk vi ei flott oppleving i eit etterkvart friskt og fint vêr!

Sjå bilde frå turen:

Biletserie med 6 bilete — bla med å trykkje på pilene

Pokerhola - verdt eit besøk!

Pokerhola

I kveld var vi 19 små og store som hadde oss ein fin tur til Pokerhola. Planen var å gå i Likvikja, men på grunn av vinden trakk vi opp under fjellet til Pokerhola. Her er det ein fantastisk flott plass med bord og benkar bygd av stein.

Her sat ungdomane (og kanskje gamlekarane?) i gamle dagar og spelte kort om søndagane. Truleg var dette ein fin plass å møtest på laurdagskveldane óg… Her sit ein i fred for innsyn, og har eit utruleg flott utsyn mot sør og vest. I kveld såg vi godt Lorang C masta i Bulandet.

Vi kokte tomatsuppe på den supergode og raske primusen som Ytterøyane 4H har investert i. Vinden kjente vi ikkje noko til, så vi kunne godt hatt levande lys på det flotte steinbordet… det får bli ein annan kveld.

Biletserie med 8 bilete — bla med å trykkje på pilene

Arsen - eit nyoppdaga turmål

Bålgeneralane Ingebjørg og Lars Erik

For andre gong på under 1 månad har vi i Ytterøyane 4H arrangert kveldstur til Arsen på ytre Reksta. Arsen er ein dal med store steinblokker rett nord for Andreasbautaen, og vestapå “Svenskehytta”. Her er det fint å brenne bål og spennande boltreplass for nysgjerrige og yre ungar. Det er store holrom under steinhellene å gøyme seg i, og mange utfordrande klatreplassar.

Ingen kan forklare kva namnet Arsen kjem av – men kanskje er det nokon der ute som veit??? Ingebjørg fortel at når dei var små vart dei trua med at dei måtte flytte til ho Marthe i Arsen om dei ikkje åt opp maten… men det var ingen Marthe i Arsen på den tida…

I dag var vi 20 personar som reiv oss laus frå sofaen og hadde ein flott mørketur i lavande snø på sørsida av Reksta. Vi gjekk på ski og bein frå Rognaldsvåg, og brukte i underkant av ein halv time fram til Arsen. Der hadde bålgeneralane Lars Erik og Ingebjørg gjort klart med bål og faklar – stemningsfullt! Vi steikte tacolefser med pepperonipølse, tomatbønner og ost (NAM!) og herlege svidde pølser m/pinnebrød på bålet + at vi sjølvsagt kosa oss med kakao.

Etter mykje basing i snøen – og lausprat rundt bålet – var det ein godt trøytt gjeng (9 vaksene og 11 ungar) som rusla heimover i mørkret. Det var mange hauelykter på vandring forbi Likvikja i kveld…

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Kjempeflott måneskinnstur på Harefjellet!!!

Månelyst:)

I kveld gjekk vi ein gjeng på 9 personar – 3 vaksne og 6 ungar – på måneskinnstur til varden på Harefjellet. Vi start 18.30, og då snøa det faktisk – og månen gøymde seg litt bak ei sky. Då vi nærma oss toppen slutta det å snøe – og månen skein på sitt flottaste!

Det var ein super tur, med flott månelys:) Vi hadde berre 4 lykter med oss på vegen, og det var godt å ha i enkelte parti – elles var det eigentleg lyst og fint!

På toppen tente vi lys på varden og alle skreiv seg i boka. Så var det ein kort rast med kakao og varm saft, før vi vende nasa ned igjen. Vi brukte ein god 1 time på heile turen. I morgon blir det tur til Likjevatnet på midtre Rekstafjellet- sjå kalendar. Så det er berre å pakke skøytene og komme!

Biletserie med 3 bilete — bla med å trykkje på pilene

Reksta på langs

16.08.2008

Vi har utruleg mange turalternativ på Reksta. I fjor sommar var vi ein gjeng som følgde Flora Turlag på onsdagstur Reksta på langs. Då gjekk vi frå Rognaldsvåg, over Harefjellet og innover i “Råsa”. Derifrå gjekk nokre langs sjøen vidare austover mens halvparten gjekk over Midtfjellet og ned igjen i Skaret på indre. Så gjekk vi vidare langs sjøen til Langevikja og Selvågen der vi bada i sjøen. Florøfolket tok kveldsruta heim igjen frå Selvågen.

Det var ein fantastisk flott tur i strålande vêr. Turlaget har difor sett opp turen i år igjen, som onsdagstur. Så sett av onsdag 24. juni til turen Reksta på langs. I år vil eg føreslå at vi hoppar over Midtre Rekstafjellet, og går langs sjøen her, og så avsluttar vi med Storefjellet. Det er litt bratt opp, men ein lett sti å gå og ei fantastisk utsikt!