Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord vår

Dugnad på sjø og land

Stupebrett med havutsikt

Laurdag 2. mai var det stordugnad i Rognaldsvåg. Totalt 17 personar jobba på for at skulen og skuleplassen skulle bli ryddig og fin til alle festdagane i mai. Boss vart plukka, lagerrom vart tømt for gammalt skrot, sceneteppe fiksa, flaggstanga gjort klar for vårpuss og inngangspartiet til ballbingen grusa.

Elektrikar var på plass og la fram straum for bubilturistar, som til sommaren kan få campere på skuleplassen.

Ved moloa i hamna var det stor aktivitet. Der var ein gjeng i arbeid med å blande og støype fundament til stupebrett. Så då er det meste klart til badesesongen snart startar.

Bruk pila og bla deg frå bilde til bilde.

Biletserie med 18 bilete — bla med å trykkje på pilene

Stopp brunsnegelen på kaikanten!

Bli med snigeldugnad

No er våren her, og med den kjem også brunsnegelen snikande inn på oss! Den er desverre registrert på gravplassen tidlegare. Vi må alle bidra med å hindre brunsnegelen sin invasjon i hagane våre. Vi veit at den blir spreidd via hagesenter og byting av plantar.

Eit godt tips er å setje plantane i karantene i ca 1 veke. Sett kvar plante på avispapir i garasjen eller uthus. Då vil eventuelle sneglar krype ut, og då må dei kverkast!!! Ta sneglane med ei pølsklype og hiv dei dei gjerne i ei bøtte med salt vatn – då dør dei med ein gong! Hugs at kvar snegel legg 400 egg pr sesong.

Lukke til og god vår i hagen!