Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Viser arkivet for stikkord vêr

Kva betyr fullmåne?

Fullmåne 11. mars -09

Skulle ta bilde av fullmånen i kveld – og det rakk eg såvidt før skyene pakka den store gule skiva inn…

Den var eit vakkert syn, sjølv med veglys. Det er knytt mange vêrteikn til månen, og ikkje minst månefasane. Fekk fortalt på båten i dag at det vêret vi har 2 dagar før og etter fullmåne, kan vi rekne med å ha til neste fullmåne. Med tanke på det dritvêret vi hadde på måndag kan vi sjå mørkt på dei neste vekene…

Elles veit eg vi plar oppleve brunst på dyra og både kalving og lamming i samband med fullmåne – for ikkje å snakke om i sild i garnet. (det slo ikkje til i dag) Baking og barbering skal og bli påverka av månen.

Kanskje nokon kan komme med andre gode merkje knytt til månen???

Gamlehuset i veg- og månelys